Company
Øygarden kommuneApplication deadline
20.11.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5437217Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 04.11.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Øygarden kommune
Spesialpedagog 100% vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 000 innbyggjarar og 2 500 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet.
Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Om avdelinga:Tranevågen ungdomsskule ligg på Ågotnes midt i Øygarden kommune. Skulen har i overkant av 400 elevar, og har omtrent 60 tilsette. Tranevågen har eit innføringstilbod for minoritetsspråklege elevar og har ei lita avdeling som arbeider spesielt med elevar med ekstraordinære spesialpedagogiske behov.
Tranevågen ungdomsskule legg vekt på at alle elevar og tilsette skal oppleve tryggleik, meistring og vekst. Skulen har derfor over lengre tid vore kjend for å ha eit godt arbeidsmiljø, og trivselen har vore god blant elevane.
Skulen er utviklingsorientert, og det er vi opptatt at vi skal vere ein skule som er i takt med tida. Vi ha den siste tida hatt ekstra fokus på at vi skal bidra til at elevane får ei relevant opplæring for deira framtid, der medverknad og inkludering er sentrale både på fysiske og digitale arenaer.
Stillinga er 100 % vikariat knytt til foreldrepermisjon, og varer frå 1.januar 2023 og ut skuleåret. Det kan vere mogleg at tilsetjinga kan bli forlenga utover dette. Stillinga er knytt til elevar i spesialpedagogisk avdeling. Søkjarar bør såleis ha spesialpedagogisk utdanning og erfaring med elevar med større spesialpedagogiske tilpassingar. Det kan vere aktuelt å kombinere den spesialpedagogiske delen av stillinga, med noko fagundervisning dersom søkjar har andre skulefag i fagkrinsen sin.
Oppgåver:- Spesialundervisning knytt til elevar på tilrettelagt avdeling
- Oppfølging av elevar med spesialpedagogiske behov.
- Bidra til eit lærande fellesskap med elevane og med personalet.
- Utdanning som er godkjend for fast tilsetjing i skulen frå 8.-10.trinn.
- Gode digitale ferdigheiter
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg
- Formell spesialpedagogisk kompetanse
- At ein har erfaring frå spesialpedagogisk undervisning i skulen
- At ein har kompetanse i eitt eller fleire undervisningsfag på ungdomsskulen
- At ein har interesser som kan vere gode utgangspunkt heilskapleg spesialpedagogisk tenking.
- Du liker å arbeide på eit lag. Du er ein god lagspelar og bidreg til å gjere laget best mogleg
- Du er tydeleg og trygg i møte med elevar med spesialpedagogiske tiltak.
- Du har kompetanse om korleis ein arbeider for å skape gode relasjonar til dei ein samhandlar med uavhengig av deira funksjonsnivå.
- Du er engasjert i korleis ein kan skape eit god læringsmiljø, der både elevar og kollegaer lærer og utviklar seg.
- Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Rune Golf
Rektor Tranevågen ungdomsskule
Tlf. 55 09 63 02 eller 90 97 08 02
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
20.11.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5437217Look here for other jobs from Øygarden kommune
- Updated 04.11.2023