• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    10.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3489747
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 17.02.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Sosial rettleiar i 100% vikariat

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi lyser no ut eit 100% årsvikariat som sosial rettleiar i NAV Alver under avdeling for Service og Velferd. 

NAV Alver yter tenester innan kommunal og statleg sektor til om lag 29 000 innbyggjarar. Kommunen ligg omkrinsa av fjord og fjell i Nordhordland, berre 25 minutt frå Bergen sentrum og har eit rikt næringsliv innan m.a industri, olje og gass, transport og havnæring. NAV Alver er eit brukerretta NAV kontor der individuelt tilpassa brukaroppfølging og god fagkompetanse er prioritert for å gje bistand til å skaffe arbeid. Vi jobbar kontinuerleg for å utvikle betre tenester til våre brukarar. NAV Alver er organisert i 3 avdelingar. Ledig stilling i denne lysinga ligg til avdeling Service og Velferd.

Avdeling Service og Velferd er organisert i fleire team på tvers av avdelingar og eigne team i avdelinga. Tenesteansvar i Service og Velferd er: Sosiale tenester i NAV, Møtesenter, Nyregistrerte arbeidssøkjarar, Marknadskontakt og Administrative oppgåver. Avdelinga er opptatt av at vi skal ha gode brukarmøter, godt arbeidsmiljø, at vår bistand skal gje brukar auka sjølvstende og vi skal vere ein initiativtakar til samarbeid internt og eksternt.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for eige portefølje
  • Saksbehandling etter sosialtenestelova
  • Sosialfagleg oppfølging som feks Bustadrettleiing, Ansvarsgrupper, Individuell plan, Kartlegging
  • Utstrakt samarbeid internt og eksternt
  • Enkel økonomisk råd og rettleiing
  • Vakter i møtesenteret og betening av sosial vakttelefon
  • Det kan skje endringar i arbeid og ansvarsområdet, og det må påreknast å utføre oppgåver som til ei kvar tid er naudsynt for å imøtekomme brukarane sine behov

 Kompetansekrav

  • 3 årig høgskuleutdanning innan sosialfagleg retning. Andre utdanningar kan vurderast visst du kan vise til sosialfagleg kompetanse gjennom utdanning eller arbeidserfaring. 
  • Du må ha erfaring og eller utdanning innan rettleiingsfaget. Det er ynskjeleg at du har vidareutdanning innan rettleiingsfag for eksempel MI, SE, pedagogikk eller anna relevant vidareutdanning.
  • Gode formidlingsevne skriftleg og muntleg
  • Gode datakunnskaper

Personlege eigenskapar

  • Evne til å byggje gode samarbeidsrelasjonar og være ein påliteleg samarbeidspart
  • Evne til å arbeide strukturert, tenkje heilskapleg og langsiktig
  • Evne til å være fleksibel og trivast i ein travel arbeidskvardag
  • Medverkar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Aktive og engasjerte kollegaer
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldane lov og avtaleverk

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

 

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    10.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3489747
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 17.02.2021