Ledigt jobb

Sunnfjord kommune

Sommarvikarar 2025 på Sande

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Våre flinke og engasjerte medarbeidarar treng å vite at jobben deira blir godt iveretatt når dei tar ferie til sommaren. Vi treng difor vikarar som vil jobbe hos oss i forbindelse med ferieavvikling sommaren 2025. Ein sommarjobb hos oss kan gjere vegen til fast jobb kortare!

Vi har ledig sommarvikariat ved følgande einingar:
  • Sande omsorgssenter 
  • Sande heimeteneste
  • Sande bu- og miljøteneste
Vi kan tilby:
  • 80 - 100 % vikariat
  • opplæring med løn
  • aktivt miljø og spennande oppgåver
  • bonusordning
  • eigen lønsstige for sjukepleiar og vernepleiarstudentar
Vi ser etter deg som er:
  • fleksibel
  • god til å samarbeide
  • god til å kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg

Vi treng vikarar frå og med veke 26 til og med veke 33. Søkarar som kan jobbe i heile ferieperioden kan bli prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.

Om du har spørsmål til dei ulike einingane finn du kontaktinformasjon på www.sunnfjord.kommune.no, eller du kan kontakte Personal v/Dagun I. Muri eller Rita Sjåstad.

Politiattest vert krevd før start i stilling.

Vi tilset fortløpande så det er ingen grunn til å vente med å søke!

 

Velkommen som søkar!