Vacancy

Sogndal kommune

Sommarvikar/vikar i psykisk helse og rus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ynskjer du å jobbe med psykisk helse/rus?  

Me treng vikarar både til sommarferien og elles i løpet av året. Me treng vikarar i 4 avdelingar med turnus. 2 avdelingar er bemanna dag/kveld og har turnus med langvakter og dagvakter, medan 2 avdelingar er bemanna 24/7 med døgnvakter, langvakter og nattevakter. Avdelingane er fordelt i kommunen og ligg i Sogndal, Leikanger og Balestrand. Skriv gjerne kva stad som er mest aktuelt for deg, og kva for periode du har anledning til å jobbe Ferieperioden er i veke 25-34.  

 Arbeidsoppgåver og ansvar: 

· Målretta miljøarbeid  

· Praktisk bistand i daglege oppgåver  

· Delta i tverrfagleg samarbeid  

· Medikamenthandtering.  

· Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk  

Kvalifikasjonar: 

  • 3 årig helse- og sosialfag  

  • Helsefagarbeidar  

  • Erfaring innanfor området kan kompensere for manglande utdanning 

  • Studentar innan helse- og sosialfag oppmodast om å søkje

  • Førarkort klasse B  

  • Gode norskkunnskapar  

  • Politiattest av nyare dato ved tilsetting  

  • Ynskjeleg at søkjar har erfaring med miljøterapeutisk arbeid  

Personlege eigenskapar: 

  • Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig

  • Har god relasjonskompetanse 

  • Er fleksibel og reflektert, og kan takle uforutsette situasjonar 

  • Gode samarbeidsevner og samstundes vera audmjuk for andre sin kompetanse og erfaring 

Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagd. 

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt. 

Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø. 

Me tilbyr: 

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging

  • Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar

  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Lønn etter tariffavtale 

Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest