• Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    10.03.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5609439
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 27.02.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Fjaler kommune

Sommarvikar til oppgåver knytt til arkiv

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi ser etter ein sommarvikar som kan jobbe i perioden 24. juni til 16. august. Det vil vere mogeleg å avvikle ein til to veker ferie i perioden etter nærare avtale. Arbeidstid er måndag til fredag frå 08.00 til 15.00.

Som ferievikar hos oss vil du i hovudsak jobbe med oppgåver knytt til arkiv i avdeling Personal- og organisasjon. Dette er eit viktig arbeid som gir stor verdi for kommunen. I praksis betyr dette å gjere søk i det elektroniske arkivet vårt, få oversikt over kva dokument som ligg på dei enkelte sakene, skrive ut dokument som manglar i den fysiske arkivmappa, sortere og pakke ned dokument i arkivmapper/boksar. Oppgåvene kan til tider være einsforming, men det er lov å ha musikk på øyrene ved utføring av enkelte deler av arbeidet. 

Det er fint om du skriv i søknaden kva periode du kan jobbe hos oss, då vil vi prioritere dei søkjarane som kan jobbe det meste av perioden.  

Har du lyst til å levere gode tenester saman med trivelege kollegaer? Vi ser fram til å lese søknaden din. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.

Arbeidsoppgåver
  • Arbeid knytt til arkiv (søk, utskrift, sortering, rydding og pakking)
  • Betening av sentralbord og publikumsmottak i ein liten del av stilling
  • Andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonar
  • Søkjarar må ha fylt 18 år
  • Digital kompetanse
  • Gode norsk kunnskapar, både skriftleg og munnleg 
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Om deg
  • Du er systematisk, nøyaktig og påliteleg
  • Du er tolmodig og trivst med å jobbe med einsformige oppgåver 
  • Trivst med å jobbe sjølvstendig
  • Du bidrar positivt i eit arbeidsmiljø

Vi tilbyr
  • Opplæring og rettleiing frå fagperson 
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Ein triveleg arbeidsplass med hyggelege kollegaer
  • Ein sommar der du garantert får lære noko nyttig

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

 

  • Företag
    Fjaler kommune
  • Ansökningstiden
    10.03.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5609439
  • Se här för andra jobb från Fjaler kommune
  • Uppdaterad 27.02.2024