Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
16.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6030109Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
Fjaler kommune
Sommarvikar til Fjaler legekontor
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Fjaler legekontor held til i lyse og trivelege lokale på Fjaler helsetun som ligg sentralt til i kommunesenteret Dale. Ved Fjaler legekontor er det tilsett 3 fastlegar, 1 turnuslege og 4 helsesekretærar.
I sommar har legekontoret behov for ferievikar i resepsjonen i 8 veker frå 16. juni.
Søkjarar som kan vikariere i heile ferieperioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
- Legekontoret bruker fagsystemet Infodoc plenario og arbeidsoppgåvene er i hovudsak resepsjon og svare på henvendingar frå pasientar
- Laboratorie- og skadestovearbeid (prøvetaking, analysering, supplerande undersøkingar som mellom anna EKG og audiometri, suturfjerning, sårskift, øyreskoling, injeksjonar, assistere lege)
- Det er ein fordel dersom du har eller er under utdanning innan helse- og sosialfaglege yrker som t.d.sjukepleiar/bioingeniør eller har erfaring frå tilsvarande arbeid
- Beherske IKT
- Søkjarar må ha fylt 18 år
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest og tuberkulinerklæring før tiltreding.
- Interesse for å arbeide med menneske
- Sørvisorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Evne til samarbeid
- Løn etter tariff og lokale avtalar, der høgskulestudentar (innan helse- og sosialfag) vert løna ut frå studieforlø
- Bonusordning:
- Bonus pr veke, for dei som fyller 18 år i løpet av året som jobbar minimum 4 veker (må være disponibel for minimum 4 vakter per veke).
- Bonus for dei som er under høgskuleutdanning innan helse- og sosialfaglege yrke og for dei som har fullført to års skulegang ved helsefag på vidaregåande skule.
- Legestudentar og psykologistudentar får løn som 3 åring høgskule, frå det året dei er ferdig med 3.året i utdanningsforløpet.
- Pensjonsopptening i KLP Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Bedrift
Fjaler kommuneSøknadsfrist
16.02.2025Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6030109Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
-
Vil du ha sommarjobb i helse- og omsorg?
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Vil du jobbe i helse og omsorg i Fjaler kommune?
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Helsefagarbeidar til Fjaler sjukeheim, 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Ferievikarar ved Valderøy omsorgsdistrikt sommaren 2025
Giske Kommune
VALDERØYA -
Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2025
Giske Kommune
VALDERØYA