Ledigt jobb

Sogndal kommune

Sommarvikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal kommune søkjer sommarvikarar ved Teknisk drift ved byggavdelinga og avdelinga for veg og grønt.

Du må like å jobbe ute, kunne jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre. Erfaring med liknande arbeid er ein fordel.

Byggavdelinga søkjer etter 1 stilling med oppmøte Sogndal

 

Arbeidsoppgåver:

Klippe plen og grøntområde, luking og stell av blomsterbed og anna eventuelle arbeid utandørs eller inne som for eksempel målararbeid, ryddeoppdrag eller liknande.

 

Sentrale ansvarsområde:

Plenslått på skular og barnehagar. Stell av grøntområde på badeplassar, kyrkjegardar og kommunale parkanlegg mm.

 

Kvalifikasjonar:

  • Må vere over 18 år
  • Sertifikat klasse B (E) er nødvendig
  • Må kunne beherske norsk

 

Personlege eigenskapar:

  • Påliteleg
  • Punktleg
  • Sjølvstendig
  • Løysingsfokusert

 

Me tilbyr:

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag
  • Arbeidsoppgåve som utgjer ein skilnad for kommunen sine innbyggjarar
  • Lønn etter avtale

Det er ønskjeleg med ein som kan jobbe frå mai/juni til ut august/ september på byggeavdelinga. Om nokon kan starta i mai/juni er det ønskjeleg at det blir opplyst om ved innsending av søknad. Det er ikkje ønskjeleg at ferievikarar skal avvikle ferie i arbeidsperioden, ei veke kan likevel vurderast. Opplys i søknaden når du kan jobbe, og om/når du eventuelt skal ha ferie.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rettearbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.