• Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    14.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3537113
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 03.03.2021
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Sogndal kommune

Sommarvikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sogndal legesenter treng sommarvikar(ar) frå 14.06.2021 til 13.08.2021

Vil du å jobbe i eit topp moderne legesenter i nye lokale og bli del av ein høgt kvalifisert stab er dette jobben for deg.

Om stillinga

Legesenteret har 12 legar. Senteret er nytt og inneheld mellom anna laboratorium, 2 akuttrom og 3 skadestover. Me har erfarne legesekretærar, sjukepleiarar og bioingeniørar. Legesenteret er samlokalisert med mellom anna sjukeheim med ØHD, helsestasjon, fysioterapi og psykiatriteneste.

 

Arbeidsoppgåver:

Allsidige oppgåver som til dømes sårskift, spirometri, EKG, enkle pasientkontrollar, laboratoriearbeid, telefontriagering, resepsjonsarbeid og administrative oppgåver. Arbeidsoppgåvene vil bli tilpassa kvalifikasjonar.

 

Krav til kompetanse:

Helsesekretær, sjukepleiar, bioingeniør eller helsepersonell under utdanning.

 

Krav til søkjar:

Gode evner til både sjølvstendig arbeid og lagarbeid. Fleksibilitet og samarbeidsvilje.

Høg arbeidskapasitet. Gode norskkunnskapar skriftleg og muntleg. Personlege eigenskapar blir vektlagde.

 

Vi tilbyr:

Ein kompetansearbeidsplass med høg fagleg og etisk standard, svært godt arbeidsmiljø, varierte arbeidsoppgåver og høgt tempo.

Løn etter tariff. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar, i tillegg til gode helse- og trivselsfremjande tiltak for sine tilsette.

- Variert arbeid i positive miljø.

- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.

- Tilsetjing etter kommunalt avtaleverk.

- Gode pensjons- og forsikringsordningar.

- Treningstilbod for tilsette.

 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Company
    Sogndal kommune
  • Application deadline
    14.03.2021
  • Form of employment
    workTime.Dag
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    3537113
  • Look here for other jobs from Sogndal kommune
  • Updated 03.03.2021