Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Sommarjobb til ungdom 15-17 år

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sunnfjord kommune ønsker å legge til rette for at ungdom busett i kommunen skal få tilbod om sommarjobb. Tilbodet gjeld ungdom 15-17 år (f. 2006 – 2004).

Vi søker etter ungdom som er engasjert og motivert til å ta i eit tak. Du vil få verdifull arbeidserfaring, attest og lønn etter endt arbeidsperiode. Timelønna er mellom kr 124 og 139 avhengig av alder.

Arbeidsperioden er delt inn i 2 puljar:
  • Pulje 1: Veke 25 og 26
  • Pulje 2: Veke 31 og 32

Alle som får jobbtilbod vil få 2 veker i ei av puljane. 

Vi kan tilby ca. 40 ulike jobbar. Jobbane er både i Sunnfjord kommune og i det private næringslivet. Du kan blant anna velge mellom å jobbe med eldre mennesker, bibliotek, teknisk teneste og barnehage. Vi kan også tilby jobbar i ulike butikkar og kafear m.m. 

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, og jobbane vil bli tildelt ut frå interesser og kva arbeidsplassar som er tilgjengeleg.

Du må søke elektronisk.

Velkommen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Kontaktpersonar:

Lillian Vassbotten, lillian.vassbotten@sunnfjord.kommune.no, tlf 57 61 27 50

Tove Nedrebø, tove.nedrebo@sunnfjord.kommune.no, tlf 41 53 09 13