Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Sommarjobb innan helse og meistring

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sommarjobb innan helse og meistring

Er du sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, helsefagleg student eller pleiemedarbeidar på jakt etter sommarjobb i helse?
Likar du å arbeide med menneske og vil ha ein sommarjobb som betyr mykje for andre? Då har me jobben for deg! Om du ynskjer, kan du starte allereie no! Me har ledige vakter på helg og i vekedagar. Du får god opplæring og oppfølging undervegs i arbeidet.

Vi har behov frå folk frå veke 25 til veke 32.
Du vert prioritert om du kan arbeide minst 4 veker samanhengande i denne perioden.
Skriv i søknaden kva periode du er tilgjengeleg og kan tenkje deg å jobbe.

Er du under 18 år? Då kan du søkje på "Ung i helse" her: Ung i helse, sommarjobb for deg under 18 år (easycruit.com)

Arbeidsstad

  • Daletunet, korttids- og langtidsavdeling - Monika Dahle Skjerveggen, avdelingsleiar, 48880364
  • Heimetenesta; heimesjukepleie, omsorg pluss- avdeling, praktisk bistand og dagsenter – Maria Kolstad, 48880338
  • Bueining for funksjonshemma og avlastning for born - Nina Jakobsson, avdelingsleiar, 95987676
  • Ressurssenter for personar med demens, langtidsavdelingar somatikk og demens - Anne Kari Helle, 45376843

Arbeidsoppgåver

I Vaksdal jobbar du i team med dyktige kollegaer frå ulike faggrupper rundt deg. Anten du likar å arbeide sjølvstendig, i team, har omsorgsblikket, arbeid innan rehabilitering eller liker å arbeide miljøterapiretta - me har jobben for deg.

Krav til kvalifikasjoner

  • God i norsk skriftleg og munnleg
  • Har gode datakunnskapar
  • Som sjukepleiar eller helsefagarbeidar: Norsk autorisasjon
  • Førarkort klasse B er ein fordel
  • Du må vere fylt 18 år (eller fylle 18 år i løpet av 2023)

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og serviceinnstilt
  • Praktisk og fleksibel
  • Sjølvstendig og stå-på-vilje
  • God på kommunikasjon
  • Er ivrig og lærevillig

Må ha gyldig politiattest.

Vi vil behandle søknadar fortløpande, så søk allereie no og husk å merke søknaden med kor du ynskjer å jobba (gjerne alternativ om du kan tenkja deg å jobba fleire plassar). 

Vaksdal kommune kan tilby

  • Stillingsbrøk: ca 70 til 100%
  • Opplæringsvakter
  • Gode støttefunksjoner
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04