• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.03.2025
  • Ansettelsesform
    Sommer/Sesong
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ikke påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6057165
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Sommarjobb i Sommarpatruljen,

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Likar du fysisk arbeid og ein variert arbeidsdag ute?

I Sommarpatruljen kan du gjera ein viktig forskjell for innbyggjarar og turistar som besøkjer Kvam!Avdelingane park/grøntanlegg og reinhald skal ta inn sesongarbeidarar til stell og vedlikehald av kommunale grøntområde og reinhald av offentlege toalettanlegg. Du får heile heradet som arbeidsplass. Arbeidet krev at du har førarkort for bil. Hovudsesongen varer frå mai til ut august 2025.

Du må skriva i søknaden kva tidsrom du kan arbeida. Me prioriterer dei som kan arbeida over ein lengre periode.

 

Arbeidsoppgåver

  • Stell og vedlikehald av kommunale park og grøntområde, samt reinhald av offentlege toalett
  • Bidra til ryddige og reine kommunale grøntområde, strender og andre turistanlegg
  •  Arbeidet kan innebera noko helgearbeid

Kvalifikasjonar

  • Du må vera fylt 18 år
  • Førarkort kl. B er eit krav. Klasse BE (tilhengjar) er ei føremon 
  • Du må kunna arbeida sjølvstendig
  • Erfaring frå liknande arbeid er ei føremon, men du får opplæring

Personlege eigenskapar

Me ønskjer oss søkjarar med godt humør, som er fleksible og samarbeidsvillig

Du må:

  • kunne ta i eit tak og lika å arbeida ute i all slags vær
  • vera serviceinnstilt og engasjert
  • vera fleksibel og løysingsorientert
  • kunne arbeida sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Ein sommarjobb der du får ein variert arbeidsdag med ulike oppgåver i heile heradet
  • Du blir godt kjent i kommunen og får jobba saman i eit team i Sommarpatruljen
  • Du får ta del i eit viktig og spennande vedlikehaldsarbeid
  • Løn etter sentral tariffavtale

Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.03.2025
  • Ansettelsesform
    Sommer/Sesong
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ikke påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6057165
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad