• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    04.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ikke påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    4
  • karriere-kode
    6079273
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Matvertar

Matvertar Øysteseheimen langtidsavdeling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du flink med menneske, glad i å laga til og servera mat, då kan du vera ein av dei me ser etter! 

  • Me søkjer fleire matvertar til Øysteseheimen i ulike stillingsprosentar. Det er behov for matvertar på dagtid i større stillingsprosentar, i tillegg til kortare vakter ettermiddag/kveld og i helg. Matvertane samarbeider med kjøkenansvarleg og pleiepersonell.
  • Kanskje er dette noko for deg som er student/elev og ønskjer ei mindre stilling på ettermiddag og helg? Du kan søkja sjølv om du ikkje har fylt 18 år

Matvertprosjektet i pleie og omsorg har vore vellukka og vert vidareført som faste stillingar frå 1.4.25. Matverten sin hovudfunksjon er å sørgja for hyggelege måltid der bebuarane skal få servert smakfull og næringsrik mat som er tilpassa deira individuelle behov og preferansar. Det vil og vera ein del arbeid med å ha oversikt over og etterfylle varer. Matvertane vil få opplæring av klinisk ernæringsfysiolog. Stillingane inkluderer ikkje pleieoppgåver

 

Arbeidsoppgåver

  • Servering av måltider
  • Varming av middag
  • Tillaging av frukost, lunsj og kveldsmat
  • Dekke bord
  • Rydding og oppvask etter måltider
  • Pynte bord til ulike høgtider
  • Bidra med servering og rydding ved arrangementer for bebuarane, til dømes sommarfest og jul

 Kvalifikasjonar

  • Som matvert må du ha god ordenssans og forståing av hygiene kring tillaging og servering av mat
  • Det er ynskjeleg at du har noko kunnskap om tillaging av mat og måltider
  • Erfaring frå jobb som matvert eller kjøkken/restaurant er ein fordel
  • Evne til å skapa gode måltidsopplevingar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
  • Du må vera fylt 16 år og ferdig med ungdomsskulen 

Personlege eigenskapar

  • Likar og har respekt for eldre
  • Blid og omgjengeleg
  • Trivast i ei vertskapsrolle 
  • Sosial og flink med menneske
  • Løysingsorientert
  • Kan arbeida sjølvstendig, systematisk, ryddig og strukturert

Me tilbyr

  • Verdifull arbeidserfaring innan eit nytt konsept i pleie og omsorg
  • Meiningsfullt arbeid i eit godt arbeidsmiljø
  • Opplæring i samarbeid med ernæringsfysiolog
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

 Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. 

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. 

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    04.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Ikke påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    4
  • karriere-kode
    6079273
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad