Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
15.03.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6543153Se här för andra jobb från Sogndal kommune
Sogndal kommune
Sommarjobb i Friluftsskulen Sogn
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du jobbe i Friluftsskulen Sogn i sommar?
Om Friluftsskulen
Friluftsskulen er eit gratis tilbod for born og unge frå 4 – 7. klasse. Målet er å gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftsliv, med vekt på meistring, fellesskap og gode naturopplevingar. Vi gjennomfører fire dagar med friluftslivsaktiviteter kvar veke, med ein overnatting ute i lag med borna. Friluftsskulen skal vere inkluderande og open for alle.
Om stillinga
I sommar arrangerer Sogn friluftsråd friluftsskular i alle dei seks medlemskommunane våre. Vi søkjer engasjerte og trygge instruktørar som vil vere med og gjennomføre tilboda. Aktuelle veker er 26, 27, 28, 31, 32 og 33, og du må oppgi kva veker som kan vere aktuelle for deg.
Før oppstart arrangerer vi ein opplærings- og bli-kjent-dag i samarbeid med Fjordane friluftsråd. Denne dagen blir gjennomført i nærleiken av Sogndal og gir deg ein god start saman med dei andre instruktørane.
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som har kompetanse innan friluftsliv, og gjerne erfaring eller kurs innan klatring, padling, sykling, orientering eller andre uteaktivitetar. Som instruktør skal du vere ein trygg og ansvarleg vaksen i møte med borna, og bidra til at dei opplever meistring, læring og trivsel. Vi ønskjer at du er engasjert, imøtekomande og positiv, og at du vil vere med og skape eit godt arbeidsmiljø saman med resten av teamet. Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvalifikasjonar
Du må:
- Like å arbeide med born og unge, og kunne leie friluftsaktivitetar utandørs
- Ha erfaring med og positivt engasjement for natur og friluftsliv
- Gyldig politiattest må leggast fram før tilsetting
Ynskja kompetanse, men ikkje krav:
- Friluftsliv- eller lærarutdanning ved høgskular eller universitet
- Instruktørkurs i padling og klatring
- Førstehjelp -/livredningskurs
- Lokalkjennskap til ein eller fleire av medlemskommunane
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst
- Sjølvstendig
- Tålmodig
- Samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Ein svært givande sommarjobb der du får vere utandørs og drive med dine interesser saman med born og unge.
- Førstehjelp- og livredningskurs for alle instruktørar
- Vi tilbyr sommarjobb i 2-6 veker.
- Løn etter avtale.
Om arbeidsgjevar
Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.
Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i indre Sogn, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal saman med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året.
Företag
Sogndal kommuneAnsökningstiden
15.03.2026Bransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6856, SOGNDAL
SOGNDAL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6543153Se här för andra jobb från Sogndal kommune