Ledig stilling

Sogndal kommune

Sommarjobb i friluftsskulen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du jobbe i friluftsskulen i sommar?  

 

Har du lyst på ein aktiv og givande sommarjobb? I år startar Sogn friluftsråd opp Friluftsskulane i Sogn. Friluftsskulane er eit tilbod for born og unge i alderen 10 – 13 år. Målet med Friluftsskulen er å gi deltakarane ein lystbetont introduksjon til friluftslivet. Friluftsskulane skal vere inkluderande og open for alle. 

 

Vi vil i sommar arrangere ein eller fleire friluftskular i alle dei seks medlemskommunane og Sogn friluftsråd søkjer engasjerte instruktørar til å gjennomføre friluftsskulane. Aktuelle veker er veke 26,27,28 + 31,32, 33, fint om du oppgir kva veker som kan vere aktuelle for deg. 

Vi vil i forkant av friluftsskulane arrangere ein opplærings- og bli-kjent dag i samarbeid med Fjordane friluftsråd. Denne dagen blir gjennomført i nærleik til Sogndal og inkluderer ei overnatting.  

 

Kva for kompetanse ser vi etter i denne rollen? 

Du har kompetanse innan friluftsliv, og gjerne erfaring/kurs frå klatring, padling, sykling, orientering eller andre utandørs aktivitetar. 

 

Kva ser vi etter h deg? 

Som instruktør skal du vere ein ansvarleg vaksen i møte med borna. Du er med på å legge til rette for at borna får oppleve meistring og læring. Du skal vere ein imøtekomande, engasjert og trygg vaksen. Det er viktig at du er innstilt på å skape eit godt arbeidsmiljø saman med dei andre instruktørane. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  

 

Kvalifikasjonar 

Du må: 

  • Like å arbeide med born og unge, og kunne leie friluftsaktivitetar utandørs 

  • Ha erfaring med og positivt engasjement for natur og friluftsliv 

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tilsetting 

 

Ynskja kompetanse, men ikkje krav: 

  • Friluftsliv- eller lærarstudentar ved høgskular eller universitet 

  • Instruktørkurs i padling og klatring 

  • Førstehjelp -/livredningskurs 

  • Erfaring med førstehjelp 

  • Lokalkjennskap til ein eller fleire av medlemskommunane 

 

Personlege eigenskapar 

  • Ansvarsbevisst 

  • Sjølvstendig 

  • Tolmodig 

  • Samarbeidsevner 

Det vil vere ein fordel om du disponerer eigen bil.  

 

 

Vi tilbyr 

  • Ein svært givande sommarjobb der du får vere utandørs og drive med dine interesser saman med born og unge.  

  • Førstehjelp- og livreddingskurs for alle instruktørar 

  • Vi tilbyr sommarjobb i 2-5 veker. 

  • Løn etter avtale. 

 

 

Om arbeidsgjevar 

Sogn friluftsråd er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster. Samarbeidet er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.  

Friluftsrådet skal i samarbeid med deltakarkommunane, fylkeskommune, andre offentlege myndigheiter og organisasjonar, fremje allsidig og miljøvenleg friluftsliv i indre Sogn, til det beste for befolkninga si trivsel og helse. Friluftsrådet skal i samarbeid med kommunane arbeide for meir friluftsliv for alle, heile året. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.