Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Pedagogisk leiar og barnehagelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kjørnes barnehage ligg flott til i byggefeltet på Kjørnes 4 km utanfor Sogndal sentrum. Det er gode bussforbindelsar og sykkel- og gangveg mellom Sogndal sentrum og Kjørnes. I Kjørnes barnehage har me eit stort og flott uteområde med skog og utsikt over Sognefjorden. Me har mange turmoglegheiter i nærområdet; naturleikeplassen Storaneset, Vikane (badeplass), ballbinge, leikeplassar og skogsområde. Kjørnes barnehage er ein 6-avdelingsbarnehage der me legg vekt på fysisk aktivitet både ute og inne, og friluftsliv heile året. Me har felles gymrom for heile barnehagen, og på avdelingane er det tilrettelagd rom for fysisk aktiv leik. Ute har me klatrevegg, tre til å klatre i og stort område med ulendt og variert terreng som gir gode moglegheiter for kreativitet og motoriske utfordringar.  

Det er ledig: 

200 % vikariat som barnehagelærar og 100 % vikariat som pedagogisk leiar i Kjørnes barnehage i  Sogndal kommune frå 01.08.2024 – 08.08.2025.

Det er mogleg at stillingane kan bli faste. 

Det kan også verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i vår/sommar. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom denne utlysinga. 

 

Pedagogisk leiar og barnehagelærar  

Arbeidsoppgåver:  

  • Sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø i barnehagen.   

  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet.   

  • Medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet.   

  • Fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen.   

  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette.   

  • Ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og studentar.   

 

Kvalifikasjonar:  

  • Godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.   

  • Gjerne arbeidserfaring frå barnehage.   

  • Ønskjeleg med vidareutdanning i spesialpedagogikk og rettleiing. 

  • Ønskjeleg med erfaring med ASK. 

  • Beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg.   

 

Personlege eigenskapar:   

  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar. 

  • Fysisk aktiv og leiken. 

  • Interesse for friluftsliv, fysisk aktivitet, mat og IKT. 

  • Engasjert i barna, tek initiativ og ansvar. 

  • Evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa, med føresette og medarbeidarar. 

  • Likar å arbeida i lag med andre. 

  • Taklar høgt tempo i kvardagen. 

  • Godt humør. 

 

Me tilbyr:  

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.  

  • Kjekke og varierte dagar. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 

  • Gode velferdsordningar. 

  • Oppfølging/rettleiing for nyutdanna pedagogar og nytilsettsamling for alle nytilsette i barnehage. 

 

Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø  

I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå barn, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø.Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande.Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikregod kvalitet og utvikling forallebarnai den langstrakte kommunenvår.    

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen:  

Samskapande – Open – God – Nysgjerrig  

Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no    

Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalendarenKva skjer? 

Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre. 

 

Andre opplysningar: 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Politiattest må leggast fram før tilsetjing. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknadar må leverast innan fristen 21. april, og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.  

Kontaktinformasjon for stillingane:  Mette Johannessen, styrarKjørnes barnehage. E-post: mette.johannessen@sogndal.kommune.no . Tlf: 90 63 77 18.