Vacancy

Øygarden kommune

Sommarjobb for ungdom mellom 16 og 18 år

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Sommaren 2025 får 38 ungdommar i alderen 16 – 18 år, busett i Øygarden kommune moglegheit til å bidra til aktivitet og livsglede i Øygarden kommune sine omsorgsplassar.

 Vi verdset gode samtalar og søkjer etter deg som:

  • Er glad i menneskjer
  • Har godt humør og er positiv
  • Samarbeider godt med andre
  • Er påliteleg
  • Kanskje ønskjer deg ein jobb innan helse og velferd i framtida

Arbeidsoppgåver kan være å finne på ting med bebuarar, som feks. høgtlesing, turgåing, underhaldning, vaffelsteiking, gode samtalar og anna som kan gje bebuarar livskvalitet.

For desse jobbane er det er to periodar ein kan ønskje seg:

Periode 1: veke 26, 27 og 28.

Periode 2: veke 29, 30 og 31.

Kvar ungdom får ei avtale på ei av periodane (tot 3 veker) med 6 timars dag

Løn etter tariff

Det er mogleg å få arbeid på følgande einingar:

  • Øygarden lokalmedisinsk senter
  • Fjell Sjukeheim
  • Straume bu og servicesenter
  • Kvednatunet
  • Tednebakkane
  • Sundheimen
  • Tenester til menneseker med nedsett funksjonsevne
  • Avlastningsbustader for born og unge med særskilde behov

Kontakt:

Elise Bergsagel

+47 95935169