Ledigt jobb

Sogndal kommune

Sogn PPT søkjer sakshandsamar og logoped!

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å skape eit inkluderande læringsmiljø for ALLE?

Om stillingane:

Til saman 300% stilling som logoped / spesialpedagog / sakshandsamar, både fast og vikariat. Det kan og bli ledig fleire stillingar.

Sogn pedagogisk psykologisk er ei interkommunal teneste for grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er tverrfagleg samansett, og har i dag 15 tilsette. Sogn PPT omfattar både avdeling for PPT og logopedavdeling, med kontor i Sogndal.

Sogn PPT er i gang med eit spennande utviklingsarbeid for å bli ei framtidsretta og moderne PP-teneste. Dei som blir tilsett, skal delta aktivt i dette arbeidet.

Me er på leit etter deg som ønskjer å styrke inkluderande praksis i barnehage og skule. PPT er ein sentral samarbeidspart for kommunane. Arbeidet vårt skal sikre gode utviklingsmoglegheiter for barn og unge, særleg dei med særskilde behov. Førebyggande arbeid står sentralt.

Me ser òg ein utøvande logoped som kan gi direkte oppfølging av barn, unge og vaksne. Arbeidet omfattar reiseverksemd i området.

Arbeidsoppgåver:

  • Utgreiing- og sakkunnig arbeid etter barnehage- og opplæringslova
  • Kontaktperson for skular og barnehagar
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid knytt til førebygging og tidleg innsats
  • Kompetanseheving i skular og barnehagar på system- og individnivå
  • Konsultasjons- og rettleiingsarbeid
  • Bidra aktivt i team og utviklingsarbeid i eiga teneste
  • Som utøvande logoped: direkte oppfølging av barn, unge og vaksne med behov for logopedisk oppfølging

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning med master innanfor retningar som logopedi, spesialpedagogikk, tilpassa opplæring, pedagogikk, psykologi.

Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet.

  • Erfaring frå arbeid i PPT er ynskjeleg
  • Erfaring frå arbeid i barnehage og/eller skule er ynskjeleg
  • Førarkort klasse B, ynskjeleg med eigen bil til disposisjon
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad
  • God digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

  • God kompetanse på relasjonsbygging
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig og målretta
  • Engasjert og utviklingsorientert fagperson
  • Evne til å bidra positivt i arbeidsmiljøet
  • Ha høg arbeidskapasitet og takle arbeidspress
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode velferdsordningar
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsgjevar: Sogndal kommune

Arbeidsstad: Sogn PPT i Dalavegen 2, men ein må pårekna køyring mellom einingane i kommunen.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.