• Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    10.12.2022
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4827787
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 19.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vestnes kommune

Slagverkslærar inntil 100 % vikariat - Vestnes kulturskule

Offentlig forvaltning

Vil du vere med oss å byggje kulurskulen for framtida? Vestnes Kulturskule søkjer ein engasjert slagverklærar som kan vere med å vidareutvikle både slagverkfaget og totaltilbodet i kulturskulen. Som slagverklærar vil du vere sentral i arbeidet med å etablere og vidareutvikle kulturskulen som ressurssenter for kulturfag i Vestnes Kommune. Vestnes Kulturskule held til i eigne lokaler, og disponerer eit velassortert slagverkrom med relativt nytt utstyr av høg kvalitet. Vi har komplett orkestralt slagverkoppsett i tillegg til trommesett, latinoseksjon og eit rikt utval av perkusjon. Vestnes Kulturskule arbeider etter mottoet «Kulturskulen for alle». Regionen har eit aktivt kultur- og musikkliv innan dei fleste sjangrar og kan by på rike muligheiter for å kombinere faste stillingar og freelance-arbeid. Fleire av korpsa i regionen er godt etablert i norgestoppen.

Stilling
Totalt inntil 100% vikariat

Nøyaktig stillingsstorleik og innhald vil bli klart i samråd med aktuelle søkjarar sine ynskjer og kompetanse. Følgjande moment vil bli lagt til grunn.

- Ca. 20% stilling frå 1.1.2023. Kan bli omgjort til fast stilling frå 1.8.2023
- Inntill 50% vikariat (1.1. – 31.7) i samarbeid med nabokommunen Rauma.
- For søkjarar med den rette tilleggskompetansen kan det vere mogleg å auke stillinga ytterlegare.
- For kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å samarbeide med ein eller fleire grunnskular for å bygge ei større stilling.

Arbeidsoppgåver
- Undervisning. Individuelt og i grupper, i heile spekteret av slagverkfaget (korps- og bandretta)
- Fagleg ansvarleg for slagverkfaget ved Vestnes Kulturskule ink. utstyrsansvar.
- Samarbeid med andre tilsette om faglege opplegg, samspelprosjekt, konsertar m.m.
- Vere aktiv bidragsytar i det profesjonsfaglege samarbeideidet i oppvekstsektoren i kommunen.
- Den som vert tilsett må delta aktivt i det faglege samarbeidet ved skulen.

Kvalifikasjonar
- Minimum 180 stp. høgare relevant utdanning.
- Pedagogisk kompetanse
- Engasjert, løysingsorientert og fagleg dyktig
- Den som vert tilsett må disponere bil og ha gyldig førarkort for personbil. 

Kvalifiserte søkjarar som har tilleggskompetanse på fagområder kulturskulen pr. i dag manglar kan bli prioritert og vil kunne få auka stilling ved tilsetting.

Brei og/eller variert realkompetanse kan vege opp for formell utdanning.

Vestnes Kulturskule nyttar norsk som undervisnings- og samarbeidsspråk. Den som vert tilsett må kunne kommunisere på eit nordisk språk skriftleg og munnleg. Søkjarar med ikkje-nordisk morsmål bør ha bestått norsk språkprøve med minimum nivå B2 eller kunne vise til tilsvarande kompetanse. 

Den som vert tilsett vil måtte framvise gyldig politiattest for arbeid med barn og unge.

Personlege eigenskapar
- Er opptatt av å verkeleggjere visjonen «Kulturskule for alle».
- Strukturert, fleksibel, utviklingsorientert og kreativ.
- Gode samarbeidsevner og god relasjonsbyggjar både til kolleger, elevar og føresette.
- Det vert vektlagt at ein er personleg egna

Vi tilbyr
- Gode, tenlege og svært godt utstyrte undervisningslokaler i Vestnes sentrum
- Aktivt kollegium med fokus på utvikling
- Stor fridom i utforming av innhaldet i stillinga.
- Lønn, pensjon og forsikringsordningar i samsvar med kommunalt avtaleverk.

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.

Referansar
Oppgi referansar

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Vestnes kommune
  • Søknadsfrist
    10.12.2022
  • Stillingsfunksjon
    Vikariat
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6390, VESTNES
    VESTNES
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4827787
  • Se her for andre jobber fra Vestnes kommune
  • Oppdatert 19.11.2022