Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
03.04.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5634640Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 13.03.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Øygarden kommune
Skulesjef
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du vere med og forme ein skule for framtida i Øygarden kommune?
Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest. «Plan for Framtidas skule» peikar ut kursen for korleis skulen i Øygarden skal vere og slik bidra til å oppfylle visjonen. Kommunalsjefområdet for oppvekst og skulesjefen er sentral i arbeidet med å nå måla.
Vår skulesjef går av med pensjon og vi søker etter ein dyktig og utviklingsorientert leiar med gjennomføringsevne for skulesektoren i kommunen.
Skulesjefen rapporterer til kommunalsjef Oppvekst og har det øvste ansvaret for skulesektoren i kommunen. Dette inkluderer for tida 20 skular, vaksenopplæringa og Pedagogisk Psykologisk ressurssenter (PPR).
Skulesjefen er ein del av kommunalsjef for Oppvekst si leiargruppe og har eit medansvar for utviklinga av det samla kommunalsjefområdet. Leiingskompasset med verdiane modig, stolt, med glød og på lag gjev retning for korleis vi utøvar leiarskap i kommunen.
strategisk utvikling av ansvarsfeltet
organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling
dagleg drift og leiing
budsjett, økonomi- og verksemdstyring
personalansvar for einingsleiarar (rektorar) og stabsstillingar
kvalitet, helse, miljø og tryggleik
ansvar som skuleeigar etter opplæringslova og integreringslova
samhandling med politisk leiing
samarbeid og samordning på tvers i organisasjonen
partssamarbeid
relevant universitets- eller høgskuleutdanning
skulefagleg / pedagogisk kompetanse
leiarerfaring frå skulesektoren eller anna relevant område
gjerne erfaring frå leiing av leiarar
innsikt i offentleg forvaltning
analytisk, strategisk og trygg med gjennomslagskraft
positiv, tillitsskapande og samlande leiar som evner å sette retning
utviklingsorientert og initiativrik med fagleg tyngde
høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
planmessig og strukturert
gode samarbeidsevner
gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
ei utfordrande stilling for deg som vil sette spor
motiverte og kunnskapsrike kollegaer
konkurransedyktige vilkår
gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunalsjef for Oppvekst Marius Flesland Sylta, telefon 957 57 159.
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Företag
Øygarden kommuneAnsökningstiden
03.04.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5634640Se här för andra jobb från Øygarden kommune
- Uppdaterad 13.03.2024