• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5634640
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.03.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Øygarden kommune

Skulesjef

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og forme ein skule for framtida i Øygarden kommune?  

Øygarden kommune er ein vekstkommune med nær 40000 innbyggarar som har som visjon å vere eit fyrtårn i vest. «Plan for Framtidas skule» peikar ut kursen for korleis skulen i Øygarden skal vere og slik bidra til å oppfylle visjonen. Kommunalsjefområdet for oppvekst og skulesjefen er sentral i arbeidet med å nå måla. 

Vår skulesjef går av med pensjon og vi søker etter ein dyktig og utviklingsorientert leiar med gjennomføringsevne for skulesektoren i kommunen 

Skulesjefen rapporterer til kommunalsjef Oppvekst og har det øvste ansvaret for skulesektoren i kommunen. Dette inkluderer for tida 20 skular, vaksenopplæringa og Pedagogisk Psykologisk ressurssenter (PPR).  

Skulesjefen er ein del av kommunalsjef for Oppvekst si leiargruppe og har eit medansvar for utviklinga av det samla kommunalsjefområdet. Leiingskompasset med verdiane modig, stolt, med glød og på lag  gjev retning for korleis vi utøvar leiarskap i kommunen.  

Ansvarsområde 
  • strategisk utvikling av ansvarsfeltet 

  • organisasjons-, fag- og kompetanseutvikling  

  • dagleg drift og leiing  

  • budsjett, økonomi- og verksemdstyring  

  • personalansvar for einingsleiarar (rektorar) og stabsstillingar 

  • kvalitet, helse, miljø og tryggleik 

  • ansvar som skuleeigar etter opplæringslova og integreringslova 

  • samhandling med politisk leiing  

  • samarbeid og samordning på tvers i organisasjonen 

  • partssamarbeid 

Kvalifikasjonar 
  • relevant universitets- eller høgskuleutdanning  

  • skulefagleg / pedagogisk kompetanse 

  • leiarerfaring frå skulesektoren eller anna relevant område 

  • gjerne erfaring frå leiing av leiarar 

  • innsikt i offentleg forvaltning 

Personlege eigenskapar 
  • analytisk, strategisk og trygg med gjennomslagskraft  

  • positiv, tillitsskapande og samlande leiar som evner å sette retning 

  • utviklingsorientert og initiativrik med fagleg tyngde 

  • høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne 

  • planmessig og strukturert 

  • gode samarbeidsevner 

  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner 

Vi tilbyr: 
  • ei utfordrande stilling for deg som vil sette spor 

  • motiverte og kunnskapsrike kollegaer 

  • konkurransedyktige vilkår 

  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktperson: 

Kommunalsjef for Oppvekst Marius Flesland Sylta, telefon 957 57 159. 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    03.04.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5634640
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
  • Oppdatert 13.03.2024