Company
Sogndal kommuneApplication deadline
01.01.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5461585Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 12.12.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Sjukepleiarar/vernepleiarar/fagarbeidarar til bemanningssentral
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillingane:
Bli med når Sogndal kommune i 2024 etablerer ein bemanningssentral! Bemanningssetralen vil bestå av eit team med fleksibelt personale tilgjengeleg på tvers av avdelingar. Me startar opp på avdelingane til Leikanger sjukeheim og Leikanger heimeteneste. Målet er gradvis utviding av bemanningssentralen til å gje teneste ved fleire einingar og avdelingar i kommunen.
Du vil bli fast tilsett i Sogndal kommune og ha fast turnus med arbeid på 2-3 avdelingar. Turnus vil fortrinnsvis vere todelt med arbeid dag/kveld og 3. eller 4. kvar helg, men me ynskjer å legge til rette for ei turnusordning som passar for deg og ditt behov. Det vil bli lagt stor vekt på god opplæring og trygging i avdelingane du skal arbeide i. Du vil vera ein viktig medspelar for å utvikle bemanningssentralen vidare.
Arbeidet i bemanningssentralen vil gje deg unik innsikt og brei erfaring frå ulike avdelingar. Saman med andre kollegar, er du med på å yte den beste behandlinga!
Me ynskjer deg som er utdanna sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar.
Me har ledig 4 årsverk i inntil 100% stillingar.
Arbeidsoppgåver:
· Arbeidsoppgåver som er relevant for di utdanning og behov som oppstår.
· Arbeidskvardagen inneber tett samarbeid med anna helsepersonell for å gje den beste behandlinga for tenestemottakarane.
Kvalifikasjonar:
· Du er førebudd på å dekke bemanningsbehov ved ulike avdelingar i helse og omsorg.
· Du har norsk autorisasjon eller NOKUT-godkjenning som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar
· Me treng også at du kan kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg.
· Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar:
· Du har evne til å raskt sette deg inn i varierte arbeidsmiljø.
· Du handterer ulike utfordringar med ei positiv innstilling.
· Du er fagleg sterk og trygg i rolla som sjukepleiar, vernepleiar eller helsefagarbeidar.
· Du har gode samarbeidsevner, arbeidar systematisk og er sjølvstendig.
Eit godt arbeidsmiljø er viktig for oss, og me ynskjer at du bidreg på ein positiv måte.
Dine personlege eigenskapar er viktige for oss og dette vil bli vektlagt ved tilsetting.
Me tilbyr:
· Faglege utfordringar og varierte dagar.
· Me vil gje deg moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar.
· Løn etter tariff.
· Me har treningstilbod for våre tilsette.
· Me ynskjer å legge til rette for at du kan jobbe i ei turnusordning som passar for deg og ditt behov.
No håper me at akkurat du ønskjer å bli ein del av vårt team og ser på det som viktig å kunne bidra med din kompetanse inn mot våre innbyggjarar i Sogndal kommune.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
01.01.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Leikanger
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
5461585Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 12.12.2023