• Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    31.05.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6622019
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune
Vacancy

Fjaler kommune

Sjukepleiarar til Fjaler sjukeheim

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har no to ledige sjukepleiarstillingar ved Fjaler sjukeheim, og søkjer fagleg sterke og motiverte medarbeidarar som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre.

  • 100 % stilling som sjukepleiar med relevant masterutdanning innan eldreomsorg
  • 100 % stilling som sjukepleiar

Det kan vere aktuelt å gi funksjon som ressurssjukepleiar til kandidaten som blir vurdert som best eigna og har dei rette kvalifikasjonane.

Om stillingane:

Ressurssjukepleiar - du får eit særskilt ansvar for oppfølging av pasientar med alvorleg sjukdom. Du vil bidra til å etablere, utvikle og implementere gode rutinar for denne pasientgruppa, samt vere ein viktig ressurs i intern kompetanseheving i kommunen. Det er sett av tid i turnus til ressurssjukepleiarfunksjonen.

I Fjaler kommune er det to ressurssjukepleiarar som samarbeider tett. Du vil også bli ein del av eit fagleg nettverk for ressurssjukepleiarar innan kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Førde sitt føretaksområde, med deltaking på fleire årlege fagsamlingar.

Sjukepleiar med masterutdanning - du får eit særskilt ansvar for fagutvikling i eininga og delta i internundervising på tvers av helse og omsorg, samt forbetringsarbeid for å imøtekome framtidas behov. Du vil og ha eit overordna ansvar  og vere kontaktperson i høve farmasøytiske tenester. Det ligg 20 % administrasjonstid til stillinga.

Sjukeheimen har årsturnus over 52 veker, med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det er også mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.

I februar 2024 starta sjukeheimen opp med eit spennande utviklingsarbeid knytt til oppgåvedeling (TØRN-prosjektet). Målet er at tilsette skal få nye oppgåver og meir ansvar, og at sjukepleiarar på sikt får arbeide meir systematisk med sjukepleiarfagleg kompetanse. Samstundes ser vi på framtidige løysingar for teamarbeid i kommunen.

Vårt mål er å yte gode tenester.  Vi har varierte og spanande arbeidsoppgåver, både for nyutdanna og for deg med lang erfaring. Vi søkjer deg som har interesse for eldreomsorg, er engasjert i fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ønskjer å bidra til at bebuarane våre har eit godt liv på sjukeheimen.

Arbeidsoppgåver
  • Delta i det daglege arbeidet og bidra til at oppgåver blir utførte på ein smidig og god måte
  • Sjukepleiefaglege vurderingar og dokumentasjon
  • Sikre fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
  • Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og godt samarbeid med andre einingar
  • Rettleiing og fagleg støtte til kollegaer og studentar
  • Arbeide kunnskapsbasert
  • Bidra til fagleg utvikling og forbetringsarbeid
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Vere ein god rollemodell
  • For stillinga med masterkompetanse vil det vere aktuelt med særskilte oppgåver knytt til fagutvikling, rettleiing og kompetanseheving

Kvalifikasjonar

Sjukepleiar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er ynskjeleg med vidareutdanning i palliasjon. Dersom du ikkje har denne vidareutdanninga, vil kommunen legge tiltrette for det.
  • Sjukepleiarstudentar som er ferdige våren 2026 kan også søkje stillinga
  • Politiattest samt godkjend MRSA- og tuberkulinattest må leggjast fram før tiltreding
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
  • Førarkort klasse B 

Tilleggskvalifikasjon for sjukepleiar med master:

  • Relevant masterutdanning innan eldreomsorg
  • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid

Personlege eigenskapar
  • Engasjert i eldreomsorg og fagleg utvikling
  • Gode samarbeidsevner og god på kommunikasjon
  • Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • Positiv, fleksibel og med godt humør

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde

 

Vi tilbyr:
  • Introduksjonsprogram med fadderordning
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Kr 35 000 i fast tillegg (alltid på topp)
  • Kr 9 000 i tillegg for ressurssjukepleiarfunksjon
  • Støtte og tilrettelegging for vidareutdanning
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

 

 

  • Company
    Fjaler kommune
  • Application deadline
    31.05.2026
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    6622019
  • Look here for other jobs from Fjaler kommune