Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
05.12.2020Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3284112Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 19.11.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sunnfjord kommune
Sjukepleiarar og helsefagarbeidar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om oss
Førde omsorgssenter er ein moderne sjukeheim og vi har eit godt fagmiljø med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar. Skjerma eininga har 28 plassar til personar med demenssjukdom. Dette er ei eining for deg som har interesse for aldersdemens og eldreomsorg. Vi ønsker å vere ei teneste med framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuarane skal vere i fokus. Målet vårt er å finne ein dyktig fagperson som kan vere med å dra i denne retninga.
Vi har ledig følgande stillingar:- 14 - 25 % helgestillingar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeidar/helsefagleg høgskuleutdanning/fagutdanning
- beherskar godt norsk både skriftleg og munnleg
- god IKT kunnskap
Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning kan andre med kunnskap og interesse for eldreomsorga søke. Sjukepleiestudentar har eigen lønsstige med stigande løn under studiet. Ufaglærte vil få tilbod om mellombels tilsetting.
Vi søker deg som:- har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga og evne til å tileigne deg ny kunnskap
- er engasjert, kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjersler
- fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
- likar å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
- er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- er nytenkande og kreativ
Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast, og ein jobb du kan føle deg trygg i.
Arbeidsoppgåver vil m.a. vere:- å utføre praktiske oppgåver, observere tilstand og behov hos brukar
- samarbeide med brukarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta
- veilede, undervisningsansvar
- bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
- samarbeide med både kommunale og eksterne aktørar innan helse- og omsorgssektor
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
Du søker elektronisk og oppgir referansar i søknaden. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
05.12.2020Anställningsform
workTime.Skift/turnusBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3284112Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 19.11.2020