• Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3284112
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 19.11.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sunnfjord kommune

Sjukepleiarar og helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om oss

Førde omsorgssenter er ein moderne sjukeheim og vi har eit godt fagmiljø med mange engasjerte og dyktige medarbeidarar. Skjerma eininga har 28 plassar til personar med demenssjukdom. Dette er ei eining for deg som har interesse for aldersdemens og eldreomsorg. Vi ønsker å vere ei teneste med framtidsretta fokus, der fagutvikling står sentralt og bebuarane skal vere i fokus. Målet vårt er å finne ein dyktig fagperson som  kan vere med å dra i denne retninga. 

Vi har ledig følgande stillingar:
  • 14 - 25 % helgestillingar
Krav til søkjar
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar/helsefagarbeidar/helsefagleg høgskuleutdanning/fagutdanning 
  • beherskar godt norsk både skriftleg og munnleg
  • god IKT kunnskap

Dersom det ikkje melder seg søkarar med relevant utdanning kan andre med kunnskap og interesse for eldreomsorga søke. Sjukepleiestudentar har eigen lønsstige med stigande løn under studiet. Ufaglærte vil få tilbod om mellombels tilsetting. 

Vi søker deg som:
  • har motivasjon for å jobbe innan eldreomsorga og evne til å tileigne deg ny kunnskap
  • er engasjert, kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjersler
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere oppgåver
  • likar å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
  • er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
  • bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
  • er nytenkande og kreativ 

Vi er ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Vi jobbar saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet. Hos oss får du kollegaer som vil du skal trivast, og ein jobb du kan føle deg trygg i.

Arbeidsoppgåver vil m.a. vere:
  • å utføre praktiske oppgåver, observere tilstand og behov hos brukar
  • samarbeide med brukarar, pårørande, fastlege og spesialisthelsetenesta
  • veilede, undervisningsansvar
  • bidra aktivt til eit helsefremjande miljø
  • samarbeide med både kommunale og eksterne aktørar innan helse- og omsorgssektor
  • ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc

Du søker elektronisk og oppgir referansar i søknaden. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

 

   

  • Bedrift
    Sunnfjord kommune
  • Søknadsfrist
    05.12.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3284112
  • Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
  • Oppdatert 19.11.2020