Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
15.03.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6543187Look here for other jobs from Sunnfjord kommune
Sunnfjord kommune
Sjukepleiarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vassenden heimeteneste i Sunnfjord kommune yter hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. Som ein del av vårt team vil du ha moglegheit til å lære av andre dyktige sjukepleiarar og vere med å vidareutvikle tenesta vår. Dagane i tenesta er varierte, og det dukkar stadig opp situasjonar og utfordringar som må løysast. Du vil få ein unik breiddekompetanse, der du aktivt får nytta ferdigheitene og kunnskapen din. Søker du utfordringar og variasjon i arbeidskvardagen, er dette jobben for deg. Personalgruppa har fokus på eit godt fag- og arbeidsmiljø.
Vi har ledig:- 100 % fast stilling som sjukepleiar
- 50 % fast stilling som sjukepleiar
Stillinga inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg. Det vil også være moglegheit for langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Kvalifikasjonar:- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- nasjonal norskprøve nivå 3/B1, bestått både munnleg og skriftleg
- god IT-kunnskap
- førarkort klasse B
Du må levere godkjent politiattest før start i stilling.
Sjukepleiarstudentar vil bli vurdert til fast stilling, med atterhald om autorisasjon. Andre søkarar med helsefagleg utdanning kan bli vurdert for mellombels tilsetting.
Vi søker etter deg som:- har interesse og engasjement for fagfeltet
- har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- er løysningsorientert, endringsvillig og positiv
- er strukturert, ansvarsbevisst og trygg på eigne avgjersler
- er fleksibel og likar utfordringar
- har evne til å tileigne deg ny kunnskap og bidra til tenesteutvikling
- bidreg til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- engasjerte kollegaer og leiarar og eit inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært og fagleg fokus
- faglege utfordringar
- eit drivande godt arbeidsmiljø og ein arbeidsplass du kan vere stolt av
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- rekrutterings- og stabilisering tillegg på kr. 5000
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Company
Sunnfjord kommuneApplication deadline
15.03.2026Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6543187Look here for other jobs from Sunnfjord kommune