• Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    05.09.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5836351
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 07.08.2024
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sunnfjord kommune

Sjukepleiarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med å forme framtidas eldreomsorg, og er oppteken av heilskapleg omsorg? Då ønsker vi å få deg som kollega ved Førde omsorgssenter!

Omsorgssenteret har totalt 74 bebuarar. Som kollega hos oss bidreg du til å halde høg fagleg kvalitet på tenestene og jobbar aktivt for å gje omsorg til heile menneske gjennom godt samarbeid med kollegaer, pårørande, med dei andre einingane og samarbeidande tenester.

Vi har ledig:
  • 100 % faste stillingar som sjukepleiar frå snarast. I hovudsak 2-delt turnus med arbeid 3. kvar helg. 

Vi kan tilby ein spennande, trygg og inkluderande arbeidskvardag der tillit, kvalitet og utvikling er viktige fokusområder, og kollegaer som er engasjerte i sitt arbeid.

Kven er du?
  • du er glad i menneske
  • å yte god service og dele kunnskap og erfaring ligg naturleg for deg
  • du er nysgjerrig og ser løysingar
  • du er engasjert, lærevillig og positiv til utvikling
  • du er påliteleg og bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.

Vi tilbyr eit rekrutterings- og stabiliseringstillegg på kr. 20 000 i 100 % stilling for sjukepleiarar. I tillegg tilbyr vi ekstra kompensasjon for å rettleie sjukepleiarstudentar.

Håpar dette verkar interessant, vi ser fram til å høyre frå deg!

 

 

  • Företag
    Sunnfjord kommune
  • Ansökningstiden
    05.09.2024
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6800, FØRDE
    SUNNFJORD
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5836351
  • Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
  • Uppdaterad 07.08.2024