• Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    12.02.2023
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4960866
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 18.01.2023
Ledigt jobb

Utgått annons

Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat

Sogndal kommune

Sjukepleiarar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Om stillingane:

Sogndal helse og omsorgssenter i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar:

· 2 x 100% fast stilling som sjukepleiar ledig frå d.d.

· 90% vikariat som sjukepleiar frå d.d til 01.01.24

For stillingane gjeld 3-delt turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.

 

Sogndal helse og omsorgssenter er ein ny og moderne sjukeheim i sentrum av Sogndal. Sjukeheimen har ei langtidsavdeling og ei korttidsavdeling med 2 KAD plassar i avdeling. Sjukeheimen ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, dagsenter, omsorgsbustadar, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver:

· Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver

· Heilskapleg pleie og omsorg

· Rettleia for studentar/lærlingar og andre

· Delta i tverrfagleg samarbeid.

· Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet,

· Medansvarlig for eit godt læringsmiljø

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

 

Sentrale ansvarsområde:

· Pasientflyt

· Pasientjournalsystem

· Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta

· Medikamenthandtering

· Legevisittar

· Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande

 

Kvalifikasjonar:

· Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan akuttsjukepleie, rehabilitering eller demensomsorg.

 

Personlege eigenskapar:

· Løysingsfokusert

· Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt

· Ha evne og interesse for eldreomsorg

· Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

  • Företag
    Sogndal kommune
  • Ansökningstiden
    12.02.2023
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    , Sogndal
    SOGNDAL
    search.country.NORGE
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    4960866
  • Se här för andra jobb från Sogndal kommune
  • Uppdaterad 18.01.2023