Company
Sogndal kommuneApplication deadline
26.02.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4960860Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 09.02.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Sogndal kommune
Sjukepleiarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om stillingane
Balestrand helsetun, heimeteneste og legevaktssatellitten i Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar:
· Sjukepleiar 100% vikariat i tredelt turnus på helsetunet og legevaktssatellitten, frå d.d. – 31.08.23.
· Sjukepleiar 100 % vikariat i tredelt turnust i heimetenesta og legevaktssatellitten frå d.d. – 31.08.23 med moglegheit for forlenging.
Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, team arbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!
Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppføring gjennom øvingar og kurs.Balestrand helsetun består av tre små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. I tilknyting til helsetunet ligg både heimetenesta, legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. Helsetunet har eige kjøken som lager god heimelaga mat. Helsetunet har og eige vaskeri og ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell.
For alle stillingane gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.
Arbeidsoppgåver:
· Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon og heimebuande.
· Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten
· Heilskapleg pleie og omsorg
· Rettleiar for studentar/lærlingar og andre
· Delta i tverrfagleg samarbeid
· Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
· Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
Sentrale ansvarsområde:
· Pasientflyt
· Pasientjournalsystem - LMP
· Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
· Medikamenthandtering
· Legevisittar
· Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar:
· Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
· Beherske norsk, skriftleg og munnleg
· Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
· Førarkort
Personlege eigenskapar:
· Løysingsfokusert
· Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
· Ha evne og interesse for eldreomsorg
· Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar
· Godt fagleg miljø
· Lønn etter avtale
· Tilrettelagt turnus
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Company
Sogndal kommuneApplication deadline
26.02.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
, Balestrand
SOGNDAL
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
4960860Look here for other jobs from Sogndal kommune
- Updated 09.02.2023