Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.11.2022Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4861843Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 09.11.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Sunnfjord kommune
Sjukepleiarar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde heimeteneste eining 2, har base på Prestebøen 8 i Førde, og er ei av totalt seks heimetenester i Sunnfjord kommune. Vi yt tenester innan heimesjukepleie, heimehjelp, matombringing og velferdsteknologi til heimebuande. Eininga har 43 årsverk. Heimetenesta har fokus på implemetentering av velferdsteknologi. Vi er ein del av ressurssjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling i kommunen. I tillegg har vi fokus på fleire tiltak innan demensomsorg. Vi ønsker å vere ei levande teneste med framtidsretta fokus der vi saman skal yte gode tenester til innbyggjarane våre! Vi ønsker å finne dyktige tilsette som vil vere med på dette. Er det deg?
Vi har ledig:- 2 x 100 % faste stillingar for sjukepleiar. Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med for tida todelt turnus og arbeid kvar 3. helg.
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- du må beherske norsk, både munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
- har interesse for å yte omsorg
- er engasjert og positiv
- har motivasjon og evner til å tileigne deg ny kunnskap
- har stor arbeidskapasitet
- bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
- har gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling
- har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Cosdoc
- er endringsvilleg og løysningsorientert
- er fleksibel og trygg på å jobbe sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og bidrar til godt teamarbeid
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting.
Kva tilbyr vi:- engasjerte kollegaer og leiarar som vil utvikle Førde heimeteneste vidare
- eit inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært fokus med varierte arbeidsdagar
- tilsetting etter dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar
- gode pensjon- og forsikringsordningar
Du må søke elektronisk og søknaden må innehalde referansar.
Politiattest må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Bedrift
Sunnfjord kommuneSøknadsfrist
27.11.2022Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntall stillinger
1karriere-kode
4861843Se her for andre jobber fra Sunnfjord kommune
- Oppdatert 09.11.2022