• Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    06.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Vikariat
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6686753
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad
Ledigt jobb

Kvam Herad

Toloheimen langtidsavdeling

Sjukepleiar/vernepleiar Toloheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

I langtidsavdeling for personar med demens ser me etter deg som brenn for demensomsorg, miljøterapi og som er god på kommunikasjon.

  • Me søkjer vernepleiar eller sjukepleiar i 80% vikariat
  • Vikariatet er ledig frå snarast/etter avtale 
  • Stillinga er i turnus og med langvakter kvar 4. helg

Toloheimen langtidsavdeling for menneske med demenssjukdom er lokalisert i Norheimsund, har 16 langtidplassar og er delt inn i to arbeidsgruppergrupper med 8 pasienter i kvar gruppe. Personalgruppa vår er stabil og rik på kompetanse som legg stor vekt på å skapa ein roleg og fin atmosfære for bebuarane hjå oss.

Me stiller ekstra krav til godt språk og gode kommunikasjonsevner for dei som vert tilsett hos oss

Vil du vite meir om oss les her: Toloheimen langtidsavdeling

 

Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver knytt til pasientoppfølging 
  • Medisinske prosedyrar 
  • Koordinering av pleieplanar 
  • Oppfølging av ADL/IPLOS og ernæring
  • Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Nyutdanna eller snart ferdig utdanna vernepleiar/sjukepleiarar oppfordrast til å søkja
  • Har du vidareutdanning i demens/geriatri og/eller erfaring frå arbeid på demensavdeling blir dette lagt vekt på
  • God kommunikasjonsevner
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du må kunne arbeida sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner

 Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar. 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for fagfeltet demens/geriatri
  • Engasjert og positiv
  • Kunna formidla empati, visa respekt og omsorg
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Er positiv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem
  • Som sjukepleiar/vernepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)
  • Gode pensjons-/ og forsikringsordningar

Generell informasjon:

  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Företag
    Kvam Herad
  • Ansökningstiden
    06.09.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Vikariat
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    6686753
  • Se här för andra jobb från Kvam Herad