Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
06.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6686711Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Kvam Herad
Øysteseheimen langtidsavdeling
Helsefagarbeidar Øysteseheimen langtidsavdelingOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Ynskjer du å gjera ein skilnad i eldreomsorga? Tenester for heildøgns omsorg søkjer engasjert medarbeider som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg.
- Me søkjer helsefagarbeider i 70% fast stilling
- Oppstart snarast/etter avtale
- Stillinga er i turnus med arbeid kvar 3. helg
Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og lokalisert sentrumsnært i Øystese. Målsetjinga vår er at Øysteseheimen skal vera ein plass der det er godt å bu. Saman med dei tilsette jobbar me for å gje bebuarane ein trygg og verdig alderdom.
Som tilsett hjå oss vil du få opplæring og høve til vidareutdanning og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Gje god omsorg, stell og pleie i høve til dagsplaner, rutinar og prosedyrar
- Ivareta bebuarane sin eigenverd og sjølvstende
- Oppgåver knytt til pasientoppfølging
- Miljøarbeid med fokus på fysisk aktivitet og trivsel
- Dagleg journalføring i Gerica
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Er du nyutdanna eller lærling i helsefag siste lærehalvår vert du oppmoda om å søkja
- Du må kunne arbeida sjølvstendig og i team
- Du må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, tilsvarande B2
- Gode kommunikasjonsevner
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagfeltet geriatri/demensomsorg
- Du er engasjert og positiv
- Tålmodig og god på samarbeid
- Har godt humør og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Kan formidla empati, visa respekt og omsorg
Vi tilbyr
- Du får arbeida med erfarne og kjekke kollegaer
- Ein arbeidsstad i utvikling. Me utforskar stadig nye måtar å løyse oppgåver/oppgåvedeling og arbeid/arbeidsstid
- Individuelt tilpassa turnus så langt drifta tillet det
- Du får delta på relevante kurs og møter
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons-/og forsikringsordningar
Generell informasjon:
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Bedrift
Kvam HeradSøknadsfrist
06.09.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
Spesiell sertifiseringArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6686711Se her for andre jobber fra Kvam Herad