Company
Fjaler kommuneApplication deadline
06.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5923715Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 17.10.2024
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Fjaler kommune
Sjukepleiar/vernepleiar i Miljøtenesta 100 % fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Miljøtenesta har ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar. Hos oss blir du ein del av ein gjeng med kjekke og dyktige kollegaer som yt bistand til menneske med ulik fysisk og psykisk funksjonsnedsettingar uavhengig av alder. Du får ein variert kvardag med eit brett spekter av arbeidsoppgåver og aktivitetar der brukarfokuset er høgt. Saman legg vi til rette for du skal få utvikle deg, bruke kompetansen din og vere ein verdsett kollega. I stillinga jobbar ein todelt-turnus eller langvakter.
Vi ser etter deg som er oppteken av miljøarbeid, eller er motivert til å lære om det. Du har evne til å reflektere saman med andre og for deg sjølv og likar å finne løysningar når ting er vanskeleg. Du trivst med å jobbe både sjølvstendig og som del av eit team.
Hos oss får du introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter utdanning og erfaring og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kva seier dei som jobbar i Miljøtenesta i Fjaler om jobben sin?«Eg syns at det er utruleg kjekt å komme på jobb. Ein blir alltid møtt med eit smil og vi hjelper kvarandre for at vi skal ha det godt på jobb»
«Det er så motiverande å sjå kor dyktige dei eg jobbar saman med er med brukarane. Og korleis vi på ulikt vis kan finne fram til ei løysning, og så delar vi erfaringar»
«Det å vere ny i praksis og føle at ingenting er dumt å spørje om, er ein god følelse. Det bidreg til at ein lærer mykje meir og at ein blir meir motivert til å gjere ein god innsats» - sjukepleiarstudent.
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Anna relevant helsefagleg utdanning kan bli vurdert
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort kl. B
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkuliattest før tiltreding
- God på kommunikasjon og samarbeid
- Du er engasjert, tek initiativ og har gjennomføringsevne
- Strukturert, fleksibel og stor grad av sjølvstende
- Evne til å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
Vi vektlegg at du er personleg eigna for stillinga.
Vi håpar du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår.
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
06.11.2024Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5923715Look here for other jobs from Fjaler kommune
- Updated 17.10.2024