• Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6498231
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Ledig stilling

Øygarden kommune

Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og være med å jobbe i eit spennande team.

Vi søkjer to sjukepleiarar/ vernepleiarar i 80% og 60% fast stilling på natt Sundheimen.

 Om avdelinga :

Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med heildøgnstenester. Det er 44 pasientar fordelt på to avdelingar og 5 bufellesskap, tre på  somatisk og demens. 10 av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget skal driftast av Sundheimen. Sundheimen og omsorgbustadane har langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.

Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.

Sundheimen er lokalisert i Skogsskiftet omlag 15 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette og moglegheit for lading.

 Arbeidsoppgåver:
  • Heilskapleg omsorg
  • Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt. Palliativ pleie
  • Ivareta pasientane sine individuelle behov
  • Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
  • Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
  • Handtere velferdsteknologiske løysningar
  • Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
  • Enklare Laboratorie-arbeid
 Kvalifikasjoner:
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
 Ønskjeleg med :
  • Erfaring frå arbeid i eldreomsorg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Du er engasjert og ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • Har gode samhandlingsferdigheiter
  • Evne til å takle stress og hektiske situasjoner når det er nødvendig
  • Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
  • Bidra til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive 
Anna:
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
  • Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
  • Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
  • Stillingane er ledig frå 1.februar
 Vi tilbyr:
  • Mentorordnining  satt i system
  • Sjukepleiefaglege utfordringar
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
  • Høve til fagleg og personleg utvikling
  • Rekrutteringstillegg
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gratis parkering og det er mogleg å lade
  • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

  

Kontakt :  

Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf. : 90076112

Einingsleiar, Janne Thode tlf.: 45044569

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.

 

  • Bedrift
    Øygarden kommune
  • Søknadsfrist
    27.01.2026
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5354, STRAUME
    ØYGARDEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6498231
  • Se her for andre jobber fra Øygarden kommune