Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
27.01.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6498231Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du bli ein av våre engasjerte medarbeidarar og være med å jobbe i eit spennande team.
Vi søkjer to sjukepleiarar/ vernepleiarar i 80% og 60% fast stilling på natt Sundheimen.
Om avdelinga :Sundheimen er ein kommunal sjukeheim med heildøgnstenester. Det er 44 pasientar fordelt på to avdelingar og 5 bufellesskap, tre på somatisk og demens. 10 av 20 omsorgssbustader som ligg i nabobygget skal driftast av Sundheimen. Sundheimen og omsorgbustadane har langtidspasientar med komplekse og samansette diagnosar.
Engasjerte medarbeidarar som jobbar strukturert og effektivt og gjerne kjem med innspel til endring er verdifullt i kommunen sitt oppdrag med å tilby berekraftige tenester. Vi har god sjukepleiefagleg kompetanse og med fokus på omsorg og tryggleik både i ei aktiv behandlande og i ei palliativ fase.
Sundheimen er lokalisert i Skogsskiftet omlag 15 min frå Straume. Det er gratis parkering for tilsette og moglegheit for lading.
Arbeidsoppgåver:- Heilskapleg omsorg
- Sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar på natt. Palliativ pleie
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
- Rettleiing, undervisning og tverrfagleg samarbeid
- Handtere velferdsteknologiske løysningar
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling.
- Enklare Laboratorie-arbeid
- Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Erfaring frå arbeid i eldreomsorg
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Du er engasjert og ansvarsbevisst og løysingsorientert
- Har gode samhandlingsferdigheiter
- Evne til å takle stress og hektiske situasjoner når det er nødvendig
- Du er fleksibel , serviceinnstilt og interessert i forbetringsarbeid
- Bidra til godt arbeidsmiljø ved å fremma det positive
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
- Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
- Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus på natt får eit ubekvemstillegg på kr 40.000,- ( justert etter st. %)
- Stillinga inngår i årsplan med arbeid 16 helger pr. år.
- Stillingane er ledig frå 1.februar
- Mentorordnining satt i system
- Sjukepleiefaglege utfordringar
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Rekrutteringstillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gratis parkering og det er mogleg å lade
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Kontakt :
Avdelingsleiar, Glenn Bjærum tlf. : 90076112
Einingsleiar, Janne Thode tlf.: 45044569
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Bedrift
Øygarden kommuneSøknadsfrist
27.01.2026Heltid/Deltid
DeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5354, STRAUME
ØYGARDEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6498231Se her for andre jobber fra Øygarden kommune
-
Sjukepleiar 70% natt, Kvednatunet
Øygarden kommune
Ågotnes -
Sjukepleiar, 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Vernepleiar/sjukepleiar 100% fast stilling , Hidlamyra
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar/vernepleiar 80 % fast stilling , psykiatribustader
Øygarden kommune
Straume -
Sjukepleiar/vernepleiar 100% fast stilling
Øygarden kommune
Ågotnes