Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
29.09.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5877943Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 11.09.2024
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Sunnfjord kommune
Sjukepleiar/Vernepleiar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Førde bu- og miljøteneste eining 2, yt døgnkontinuerlege tenester til personar med psykisk utviklingshemming som treng langvarige og koordinerte tenester.
Arbeidsoppgåvene er knytt til praktisk bistand og opplæring. Dette inneber støtte og opplæring i dagleglivet sine gjeremål. Støtta er også hjelp til å ivareta den psykiske og fysiske helsa til den enkelte, samt delta og legge til rette for sosiale aktivitetar.
Personalbasen vår er knytt opp til omsorgsbustader, men vi yt også tenester til personar som bur andre stader i Førde. Arbeidsoppgåvene er spennande og varierte. Dei gjev deg ansvar, faglege utfordring og mykje glede. Vi ynskjer å levere gode og meiningsfulle tenester der fagutvikling står sentralt.
Vi har ledig følgande stilling:- 100 % fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar frå 01.11.24 eller etter avtale.
Stillinga er for tida i 3 delt turnus med korte vakter, langvakter og med arbeid 4 kvar helg. Ynskjer ein ikkje å arbeide langvakter, legg vi til rette for det.
Vi søker deg som:- er autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
- norsk autorisasjon
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- trivast å jobbe både sjølvstendig og i team
- er fagleg oppdatert og engasjert
- er lojal og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har førarkort klasse B
- dagleg omsorg og miljøarbeid til den enkelte
- fagleg arbeid med observasjon, tilrettelegging, motivering og gjennomføring av tiltak
- primærkontaktansvar. Utarbeide, følge opp og evaluere helsefremmande, førebyggande og miljøterapeutiske tiltak
- koordinere og følge opp ansvarsgrupper
- legemiddelhandtering
- sikre at gjeldande lovverk og vedtak blir følgde
- samarbeid med tverrfaglege instansar og pårørande
- journalføring. Vi nyttar fagprogrammet CosDoc
- rettleie og vere med på å bidra til fagleg utvikling av tenesta
- engasjerte kollegar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- pasientnært og fagleg fokus
- varierte og spennande faglege utfordringar
- god opplæring
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Du søker elektronisk. Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Företag
Sunnfjord kommuneAnsökningstiden
29.09.2024Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6802, FØRDE
SUNNFJORD
search.country.NORGEAntal befattningar
1Karriere-kod
5877943Se här för andra jobb från Sunnfjord kommune
- Uppdaterad 11.09.2024