• Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4749730
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.09.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Sogndal kommune

Sjukepleiar /vernepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar og vernepleiarar til teamet vårt i heimesjukepleien.

No er det ledige stillingar, og vi håpar du vil bli vår nye kollega.

Som sjukepleiar/vernepleiar i heimesjukepleien vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse.
Vi bryr oss om våre tilsette, og at dei skal ha det godt og trivast på arbeid. Dei som vert tilsett vil difor sjølvsagt få tett oppfølging og god opplæring, og vil bli tatt godt imot.

Me har stor bredde i oppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. 
Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande, med avanserte sjukepleiarfaglege prosedyrar som blant anna smertepumper og intravenøs behandling. 

Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. 
Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer. Det er tredelt turnus med natt og jobb kvar 3.helg.

Om stillinga:

Heimetenesten avd Sogndal har ledig stilling:

  • 80% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar
  • 100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar

 

For stillingane gjeld tre-delt turnus med natt og arbeid 3. kvar helg i eitt år.

Ledig frå snarast.

Oppmodar vernepleiarar til å søkje.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesten, sårstell, sondeernæring, ulike typar kateter, medikamenthandtering/multidose og lindrande behandling.
  • Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
  • Rådgjeving/rettleiing av kollegaer/studentar og pasient/pårørande
  • Velferdsteknologi
  • Kvardagsrehabilitering i heimen
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike profesjonar

Stor breidde i pasientgruppa både når det gjelder alder og medisinske behov.

 

Krav til kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie/vernepleiar.
  • Offentleg godkjent sjukepleiar/vernepleiar
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner for å nå felles mål
  • Løysning/utviklings orientert og skape resultat saman med andre
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig og i eit team
  • Skape tillit og aksept
  • Lojalitet til arbeidsgjevar/kollegaer og tenestemottakar
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø

 Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

 

  • Bedrift
    Sogndal kommune
  • Søknadsfrist
    02.10.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6856, SOGNDAL
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4749730
  • Se her for andre jobber fra Sogndal kommune
  • Oppdatert 17.09.2022