Company
Øygarden kommuneApplication deadline
14.03.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6092713Look here for other jobs from Øygarden kommune
Øygarden kommune
Sjukepleiar/vernepleiar 2 x 80% fast stilling, Tednebakkane omsorgsenter
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Om Tednebakkane Omsorgssenter
Tednebakkane Omsorgssenter ligg i naturskjøne omgivnadar med utsikt mot Hjeltefjorden på Rong . Vi er ein liten sjukeheim med ei somatisk avdeling, ei demensavdeling og ei skjerma avdeling med til saman 45 sengeplassar. I tillegg har vi eit dagtilbod med opp til 12 plassar.
Vi har eige kjøkken og kantine. Fagdekninga er god og trivselen er i fokus.
Ønskjer du å være ein del av vårt trivelege felleskap, er du hjarteleg velkommen til å søke jobb hos oss
Vi har no ledig 2 x 80% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar
80 % stilling i forsterka skjerma avdeling , årsturnus med langvakter og arbeid kvar 4 helg. Oppstart 21.04.2025
80% stilling på demensavdeling , årrsturnus med arbeid kvar 3 helg. Det vil være mogleg å ønske langvakter med arbeid kvar 4 helg. Oppstart snarast råd
Arbeidsoppgåver:- Utføre sjukepleiar oppgåver
- Være ein del av sjukepleiarteamet
- Kartlegge miljøtiltak opp mot bebuar sitt behov
- Dokumentere i journalsystemet CosDoc
- Medisinansvar
- Sjukepleiarkontakt for bebuarar
- Sjå den enkelte bebuar sitt hjelpebehov
- Fremme aktivitet og det sosiale i avdelinga.
Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
Sjukepleiarstudentar i 3. året vert oppfordra til å søkje. Ein vert då tilsett med føresetnad av at autorisasjon føreligg ved oppstart. Eventuell tilsettingsdato vert sett til dato som samsvarar med dette.
Ønskjeleg med erfaring frå arbeid knytt til eldreomsorg
Gode norskkunnskapar munleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:Gode samarbeidsevner.
Kunne jobbe sjølvstendig så vel som i tverrfagleg team.
Godt humør, være open, ærleg og lojal.
Være glad i å jobbe med mennesker og engasjement for eldreomsorgen
Personleg eigenskapar vert vektlagt
Anna:Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar i fast turnus er løna kr 35.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vernepleiarar og spesialvernepleiarar i fast turnus er løna kr 25.000,- pr. år over gjeldande tariff.
Vi tilbyr kompensasjon for å arbeide ekstra helg i turnus
Vi tilbyr:- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Gratis parkering
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån
Einingsleiar Hilde Elin Nilsen tlf 47796852 e-post hilde.elin.nilsen@oygarden.kommune.no
Avdelingsleiar Kjersti Dagestad tlf 457 36 293 e-post kjersti.dagestad@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bedeom ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Company
Øygarden kommuneApplication deadline
14.03.2025Fulltime/Parttime
ParttimeForm of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5337, RONG
ØYGARDEN
search.country.NORGENumber of positions
1Career-kode
6092713Look here for other jobs from Øygarden kommune
-
Helsefagarbeidar 75% fast
Øygarden kommune
RONG -
Helsefagarbeidar 70% fast stilling på natt
Øygarden kommune
RONG -
Sjukepleiar til nattstilling
Øygarden kommune
Straume -
Er du ein av våre nye sjukepleiarar/vernepleiarar?
Øygarden kommune
Ågotnes -
Ferievikarar Helse og velferd 2025
Øygarden kommune
STRAUME