• Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    09.10.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4787977
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 28.09.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Alver kommune

Sjukepleiar/vernepleiar - 100 % fast døgnturnus

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar i døgnturnus med arbeid kvar 4. helg frå 01.11.2022. Stillingane er for tida knytt til Storbruhaugen omsorgsbustad pluss, der vi gjev tilbod til to personar. 

Om Heildøgnbemanna butilbod avd. Lindås

Psykisk helse og rus avd. Lindås er eit heildøgnbemanna butilbod med tre omsorgsbustader pluss, Storbruhaugen, Skrenten og Krossleitet. Avdelinga gjev tilbod til 13 personar. Målgruppa er menneske med psykiske lidingar, ROP-lidingar og PU, med behov for tenester og tilsyn gjennom døgnet i eigen bustad. Tenesta har som mål å skape gode og trygge butilhøve og hjelpe enkeltmenneske til å leve mest sjølvstendige liv. 

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar/vernepleiar skal du arbeide med miljøterapi og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø. Du skal drive med relasjonsarbeid, gje naudsynt helsehjelp, ha samtalar og aktivitet etter vedtak tilpassa den einskilde. Vidare skal du bidra til godt bu- og arbeidsmiljø både som medmenneske og fagperson.

Du skal arbeide tverrfagleg saman med interne og eksterne samarbeidspartar, og vere ein motiverande og god kollega. Som sjukepleiar/vernepleiar vil du delta i kvelitetsutvikling av tenesta, og bidra til at målsettingar vert nådd. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
  • Sertifikat klasse B

Ønskt kompetanse

Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid, relevant vidareutdanning og erfaring frå målgruppa er eit føremon.

Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:

  • liker å arbeide med menneske og har engasjement for fagfeltet psykisk helse og rus
  • er trygg i deg sjølv og i møte med andre
  • arbeidar godt i team og tivast i eit utviklande fagmiljø

Ved tilsetjing vert det lagt avgjerande vekt på personleg eignaheit.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling
  • Rettleiing
  • Tilsetjing i hht. avtaleverk
  • Pensjonsordning i KLP
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt. 

 

Bli kjent med Alver kommune

 

  • Company
    Alver kommune
  • Application deadline
    09.10.2022
  • Form of employment
    workTime.Skift/turnus
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5914, ISDALSTØ
    ALVER
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4787977
  • Look here for other jobs from Alver kommune
  • Updated 28.09.2022