Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
31.08.2022Ansettelsesform
workTime.NattBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4466180Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 20.07.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Vaksdal kommune
Sjukepleiar ved heimetenesta, fast stilling på natt
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vaksdal kommune har ledig 62% fast stilling som sjukepleiar på natt. Moglegheit for auka stillingsstorleik ved å kombinere med sein-/tidlegvakter i turnusen.
Arbeidsstad
Heimesjukepleien i Vaksdal.
Om heimesjukepleien
Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime. Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.
Som nattevakt i heimesjukepleien vert du ein del av eit natt-team. Det er to på vakt i heimesjukepleien, og ein samarbeider også med andre avdelingar i kommunen.
Ein har base på Dale, og køyrer rundt til brukarar på ulike oppdrag i løpet av natta. Ein reiser både sjølvstendig og i team på to, alt etter type oppgåve og tid på vakta.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiarfagleg oppfølging av pasientane
- Ansvarsvakt, med e-dialog med fastlegar og spesialisthelsetenesta
- Gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande
- Kvardagsrehabilitering i heimen
- Omsorg og pleie
- Palliasjon i heimen
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som sjukepleiar. Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan også bli vurdert.
- Førartkort klasse B
- Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Likar utfordringar og sjølvstendig arbeid
- Evna til å bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima mellom tilsette, pasientane og pårørande
- Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg
- Evnar å sjå heilskapen mellom dei ulike avdelingane og arbeidet som vert gjort, og vera med å utvikle dei ulike fagmiljøa
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vaksdal kommune kan tilby
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
- Vaksdal kommune har skular på Dale, Stanghelle, Stamnes og Eksingedalen, og er i gong med å byggje ny skule på Vaksdal. Det er god dekning i barnehageplass.
Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04
Bedrift
Vaksdal kommuneSøknadsfrist
31.08.2022Ansettelsesform
workTime.NattBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5722, DALEKVAM
VAKSDAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4466180Se her for andre jobber fra Vaksdal kommune
- Oppdatert 20.07.2022