Company
Fjaler kommuneApplication deadline
09.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6026199Look here for other jobs from Fjaler kommune
Fjaler kommune
Sjukepleiar til Fjaler sjukeheim
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vi har for tida ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar. Vi har årsturnus på 52 veker med tredelt turnus med arbeid kvar 3. helg eller langvakter med arbeid kvar 4.helg. Langvakter starta vi med månadsskifte februar/mars 2024. Denne ordninga er frivillig.
Sjukeheimen starta i februar 2024 opp med eit spennande arbeid knytt til oppgåvedeling – TØRN prosjekt. Målet med dette pågåande prosjektet er at tilsette vil få nye oppgåver, meir ansvar og du som sjukepleiar, vil på sikt få jobba meir systematisk med sjukepleiekompetanse. Samtidig ser vi på løysingar om framtidig teamarbeid.
Vårt mål er å gje gode tenester til dei som treng det mest. Vi har spanande oppgåver til både nyutdanna og dei med lang erfaring. Vi søkjer no etter deg som har interesse for å arbeide innan eldreomsorga, som er opptatt av fagutvikling og forbetringsarbeid, og som ynskjer å bidra til at våre bebuarar har eit godt liv her på sjukeheimen.
Det er nyleg oppretta ressursgrupper på tvers av einingane i kommunen innan ulike tema som rehabilitering, kreft, velferds teknologi og demens. Dette for å få ytterlegare kompetanse innan dei ulike fagfelta.
- Delta i det daglege arbeidet og bidra til at oppgåvene blir utført på ein smidig og god måte
- Sikre at det blir utført fagleg forsvarlege tenester til den einskilde brukar
- Medverke aktivt til eit godt arbeidsmiljø i eiga avdeling og til eit godt samarbeid med dei andre einingane
- Jobbe kunnskapsbasert
- Jobbe for auka fagleg utvikling
- Tverrfagleg samarbeid
- Vere ein god rollemodell
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Sjukepleiarstudentar som er ferdig innan januar 2026 kan og søke på stillinga.
- Den som blir tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Engasjement for eldreomsorg
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Ansvarsbevisst
- God på kommunikasjon
- Løysingsorientert
- Positiv og godt humør
- Fleksibel
- Det blir vektlagt om ein er personleg egna for stillinga.
- Introduksjonsprogram med fadderordning.
- Løn etter utdanning og erfaring
- 35 000,- alltid på topp tillegg
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Company
Fjaler kommuneApplication deadline
09.02.2025Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6963, DALE I SUNNFJORD
FJALER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
6026199Look here for other jobs from Fjaler kommune
-
Helsefagarbeidar til Fjaler sjukeheim, 100 % fast stilling
Fjaler kommune
DALE I SUNNFJORD -
Sjukepleiar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Vernepleiar
Sogndal kommune
SOGNDAL -
Sjukepleiar eller vernepleiar Prestahagen
Sogndal kommune
Sogndal -
Vil du vere med å bidra at innbyggjarane i Sogndal kan leve gode, aktive og trygge liv?
Sogndal kommune
SOGNDAL