• Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    01.01.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4909449
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 10.12.2022
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Ål Kommune

Sjukepleiar / paramedic 100 % fast stilling - Ål legekontor / Hallingdal legevaktsentral

Offentlig forvaltning

Har du erfaring frå legekontor, laboratoriearbeid og akuttmedisin? Har du motivasjon og interesse innan diabetes, lungesjukepleie, geriatri eller for å gje ei betre og meir systematisk oppfølging av eldre og kronikarar?

Ynskjer du å jobbe i ei teneste som tilbyr eit vidt spekter av legevaktmedisin i trygge og veldrivne rammer. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me må vere, og er, i stand til å handtere alt frå ufarlege infeksjonssjukdommar til livskritiske hendingar.

Me søkjer deg som kan ta i eit tak når det er nødvendig, og beheld roen når det skjer mange ting på ei gong.

Ved avdeling legetenester er det ledig opptil 200% stilling. Stillingane inneheld helg ved Hallingdal legevaktsentral med 3-delt turnus. Resten av stillinga vert fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral. Det er mogeleg å kome med ynskje om grad av fordeling mellom desse funksjonane. Ynskt stillingstorleik over 60% kan avtalast ved tilsetting.

 Arbeidsoppgåver

  • handtere førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune, som treng medisinsk hjelp
  • samhandle og assistere med lege for å sikre trygge pasientforløp.
  • laboratoriearbeid, prøvetaking og analysering
  • gje relevant råd og rettleiing til pasientar
  • hjelpe legane med oppfylging av pasientar med kroniske lidingar. 
  • medikamenthandtering
  • bidra til å utføre relevante driftsoppgåver ved legetenesta
  • koordinering nødnett med telefonteneste, råd, rettleiing og triagering til innringjarar med akutt sjukdom og skadetilstandar.
  • sjukepleieoppgåver i laboratorium, skadestue og vaktsentral.
  • tverrfagleg akuttmedisinsk samhandling/kommunikasjon i og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.

Kvalifikasjonar

  • bachelor i sjukepleie eller paramedic
  • vidareutdanning eller interesse innan diabetes, lungesjukepleie eller geriatri
  • 2 års relevant arbeidserfaring
  • gode norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt
  • beherske digitale arbeidsverktøy
  • sertifikat kl B

Personlege eigenskapar

  • du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske avgjersler
  • du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis eit høgt stressnivå
  • du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling

Personlege eigenskapar blir tillagt vekt.

Politiattest

I Ål kommune må alle som skal arbeide innan helse og omsorg vise fram godkjent politiattest, som er nyare enn 3 månader ved tilsetting.

Me tilbyr

  • årsturnus
  • mogleg å ynskje langvakter i helg, 4. kvar helg.
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dager er like
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • internundervisning og faglig påfyll
  • arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
  • full barnehagedekning i kommunen
  • fri overgangsbustad i 6 månader

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Sjukepleiarar og vernepleiarar får eit rekruttere og behaldetillegg. 

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Bu og jobbe i Ål

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du her.

Send søknad
Du må sende elektronisk søknad.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

 

 

 

  • Company
    Ål Kommune
  • Application deadline
    01.01.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    3570, ÅL
    ÅL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4909449
  • Look here for other jobs from Ål Kommune
  • Updated 10.12.2022