Ledig stilling

Ål Kommune

Sjukepleiar / paramedic - Ål legekontor / Hallingdal legevaktsentral

Offentlig forvaltning

Ynskjer du å jobbe i ei teneste som tilbyr eit vidt spekter av legevaktmedisin i eit høg-kompetent og aktivt miljø ? Har du erfaring frå arbeid ved legevaktsentral /AMK, legekontor, laboratoriearbeid og akuttmedisin? 

Sjå hit! Kanskje du er ein av våre nye medarbeidarar?

Ål kommune ser behovet for ei framtidsretta teneste der sjukepleiar- og legeressursane blir sett i eit komplementært perspektiv, og blir nytta etter innbyggaranes heilskaplege behov. Vi ynskjer å skapa ei avdeling der sjukepleiarane aktivt og direkte yter kliniske tenester til befolkninga gjennom eigen og andre avdelingar. Dette krev nytenking, evne til å tileigne seg ny formal- og realkompetanse, eit breitt klinisk blikk og fleksibilitet.

Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me må handtere alt frå ufarlege infeksjonssjukdommar til livskritiske hendingar. Me er ein spennande arbeidsplass som kvar dag kjenner "pulsen på distriktet".

Legetenesta i Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar til avdelinga vår. Ved avdeling legetenester er det ledig:

  • 100 % fast stilling som sjukepleiar / paramedic.
  • Inntil 100 % vikariat i 1 år med høve til forlenging.

Stillingane er fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral og inneber 3- delt turnus. Det er mogeleg å kome med ynskje om grad av fordeling mellom desse funksjonane. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar. Stillingstorleik frå 60% kan avtalast ved tilsetjing.

 Arbeidsoppgåver

  • handtere førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune, som treng medisinsk hjelp
  • samhandle og assistere med lege for å sikre trygge pasientforløp
  • laboratoriearbeid, prøvetaking og analysering
  • gje relevant råd og rettleiing til pasientar
  • hjelpe legane med oppfylging av pasientar med kroniske lidingar
  • medikamenthandtering
  • bidra til å utføre relevante driftsoppgåver ved legetenesta
  • koordinering nødnett med telefonteneste, råd, rettleiing og triagering til innringjarar med akutt sjukdom og skadetilstandar
  • sjukepleieoppgåver i laboratorium, skadestue og vaktsentral
  • tverrfagleg akuttmedisinsk samhandling/kommunikasjon i og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta

Kvalifikasjonar

  • bachelor i sjukepleie eller paramedic med norsk autorisasjon
  • gjerne vidareutdanning eller interesse innan relevante fagområde som akuttmedisin, avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS) m.v.
  • 2 års relevant arbeidserfaring
  • god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum C1 nivå
  • erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt
  • beherske digitale arbeidsverktøy
  • sertifikat kl B

Personlege eigenskapar

  • du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske avgjersler
  • du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis eit høgt stressnivå
  • du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling

Me tilbyr

  • kalenderplan og forhandlingsturnus, der det blir lagt til rette etter eige ynskje med langvakter og komprimert turnus
  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dagar er like
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • internundervisning og fagleg påfyll
  • arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
  • meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer og godt arbeidsmiljø

Lønsvilkår

Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs. 

Bu og jobbe i Ål

Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .

Send søknad og politiattest

  • vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
  • den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
  • intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
  • kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga. 

Velkomen som søkjar.