Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
28.09.2020Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3142140Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 10.09.2020
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Alver kommune
Sjukepleiar natt – tre faste stillingar
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du sjukepleiar og vil bli ein del av eit sterkt fagmiljø i sjukeheimstenesta? Vi ønskjer tre fagpersoner med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår.
Kort om stillinga
Vi har tre ledige stillinger som sjukepleiar på natt ved korttidsavdelinga på Knarvik sjukeheim. Stillingsstorleiken er på 76%, 60%, 60% med arbeid kvar 3. helg. Spesifiser gjerne i søknadsteksten kva stilling som er aktuell for deg.
Om Knarvik sjukeheim
Knarvik sjukeheim består av tre avdelingar med langtidsplassar, plassar for personar med demens, korttidsplassar, rehabiliteringsplassar og avlastningsplassar. Vi har sjukeheimslege på huset kvar vekedag. Vi har og vårt eige produksjonskjøkken.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar på natt arbeider du sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gje heilskapleg omsorg og behandling.
Kvalifikasjonskrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Dersom du er utdanna utanfor norden treng du godkjent B2-test
- Godkjend politiattest
Ønskt kompetanse
- Gode norskkunnskaper
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne
- Relevant vidareutdanning
Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du vil bidra til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre. Vi treng fleire mannlege kollegaer ved avdelinga vår, og menn vert derfor oppmoda om å søkje.
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
- Tillegg for nattevakt kr 18.000 pr år i 100% stilling
- Rekrutteringstillegg på inntil 50.000kr. i 100% stilling.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Spesifiser i søknadsteksten kva stilling som er aktuell for deg. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.
Företag
Alver kommuneAnsökningstiden
28.09.2020Anställningsform
workTime.NattBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
3142140Se här för andra jobb från Alver kommune
- Uppdaterad 10.09.2020