• Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    03.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5928277
  • Se här för andra jobb från Sula kommune
Ledigt jobb

Sula kommune

Sjukepleiar - Molværsvegen 15/17/19

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med på laget? Vi søker deg som er lagspelar og engasjert i fagutvikling!


Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19, har vi ledig 80% fast stilling for sjukepleiar. Om ønskeleg kan stillinga justerast til ca 86% då med arbeid annenkvar helg. Tiltredelse 1. februar 2025, evt. anna dato etter avtale.
Søknadsfrist 3. november 2024.


I Bukollektiva arbeider vi for å skape tryggleik for bebuarar og pårørande, gi omsorg og skape gode rammer basert på faglege vurderingar. Vi arbeider aktivt for å skape gode arbeidsmiljø og har fagleg fokus.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg primært for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt.

Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!

 

Kvalifikasjoner:

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Vidareutdanning og/eller erfaring med sjukdomen demens kan vere ein fordel 
  • Gode munnlege og skriftlege norsk-kunnskaper er ein føresetnad 
  • Gode datakunnskaper 
  • Erfaring med Helseplattformen kan vere ein fordel, men ikkje eit krav

Personlige egenskaper:

Vi søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesse for eldreomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande.  Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar. 
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit positivt og raust miljø med gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø 
  • God opplæring og nær-leiing 
  • Fokus på god eldreomsorg og fagleg utvikling 
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver 
  • Gratis parkering
 

  • Företag
    Sula kommune
  • Ansökningstiden
    03.11.2024
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Anställningsform
    Permanent
  • Bransch
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utbildningskrav
    Påkrevet
  • Arbetserfsrenhet
    Ønskelig
  • Adress
    6030, LANGEVÅG
    SULA
    Norge
  • Antal befattningar
    1
  • Karriere-kod
    5928277
  • Se här för andra jobb från Sula kommune