Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
13.10.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5368780Se här för andra jobb från Vestnes kommune
- Uppdaterad 23.09.2023
Utgått annons
Sista ansökningsdag för detta jobbtillfälle har passerat
Vestnes kommune
Sjukepleiar med fagansvar
Offentlig forvaltning
Stillingstype
Det er ledig 100 % stilling for sjukepleiar med fagansvar ved Ivartun. Stillinga er i turnus med arbeid 3. kvar helg, og har ein kontordag per veke. Stillinga har ein gunstig turnus.
Hellandtunet ligg flott til på Myra i Vestnes kommune og består av Ivartun som er ei avdeling for eldre med psykisk utvklingshemmning med 12 plassar, samt Mariebo og Oppigarden som er avdelingar for personar med demenssjukdom. Vi har ein flott sansehage, og eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- skal koordinere og samordne den godkjente personalressursen ut i frå tildelt ressurs gjennom arbeidslister/vekeplan og god arbeidsfordeling
- sørge for gjennomføring av interne møter og CosDoc opplæring. Vidare vil ein ha oppfølging knytt til Helseplattformen som Vestnes kommune tek i bruk i november.
- arbeide for fagleg kvalitetssikring og utvikling
- sikre eit hensiktsmessig rapportsystem, sikre god informasjonsflyt og dokumentasjon, viser til rutinar for dokumentasjon
- delta på ulike møter
- ansvar for nødvendig opplæring av nytilsette/vikariar
Arbeidsoppgåvene vil være retta mot både direkte og indirekte pleie- og omsorgsoppgåver, samt forvaltning av personell og økonomi. Du vil inngå i eit team beståande av tre fagansvarlege sjukepleiarar ved Hellandtun som samarbeidar tett med einigsleiar og merkantil.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer personar som er offentleg godkjend sjukepleiar og som er positiv til nytenking, fagleg engasjert, med samarbeidsvilje og som kan arbeide sjølvstendig.
- god datakunnskap er ønskjeleg, med tanke på elektronisk fagsystem og og program i høve vikarinntak, turnus m.m.
- offentleg godkjent sjukepleiar
- du må ha kunnskap om gjeldande lovverk for tenesteytinga
- relevant praksis
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- må ha god kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- er stabil og fleksibel
- fagleg engasjert
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna og har gode referansar.
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- fagleg utvikling etter kompetanseplan
- tilsette i sjukepleiar/vernepleiarstilling ved Ivartun som har mindre enn 10 år ansiennitet får godkjent inntil 10 års ansiennitet, årsløn pr. dato kr 569 100,-. I tillegg til løn som sjukepleiar/vernepleiar er det eit funksjonstillegg som fagansvarleg.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Oppgi referansar.
Företag
Vestnes kommuneAnsökningstiden
13.10.2023Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltningUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6390, VESTNES
VESTNES
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
5368780Se här för andra jobb från Vestnes kommune
- Uppdaterad 23.09.2023