• Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4839686
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 24.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Ål Kommune

Sjukepleiar inntil 100% fast - Korttidsavdeling

Offentlig forvaltning

Er du sjukepleiar med eit særleg ønskje om å jobbe med tverrfagleg pasientbehandling, i eit utviklande, heilskapleg og fagleg fokusert miljø? Avdeling Gjestetunet, ei aktiv korttidsavdeling, har ei ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Her er du garantert ein variert og spennande jobb, i tett samarbeid med fysioterapeutar, ergoterapeutar og sjukeheimslege. Lyst å vite meir om å jobbe i helse- og omsorgssektoren i Ål? Meir info finn du her.

Arbeidsoppgåver

  • sykepleiefaglege prosedyrer og oppgåver
  • ansvar for legevisitt
  • laboratoriearbeid
  • ivareta pasientane sine behov og rettigheter i samarbeid med bebuaren sjølv og pårørande
  • observere, planlegge, gjennomføre og evaluere pleie og medisinsk behandling i samarbeid med lege, ergoterapeut, fysioterapeut og andre
  • dokumentasjon i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og retningsliner. Ål kommune nyttar Gerica som journalsystem
  • rettleiing/opplæring av kollegaer/ elevar/ studenter

Me ynskjer å jobbe med deg som

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar,
  • relevant vidareutdanning (klinisk avansert, rehabilitering, geriatri, psykiatri og demens) er ein fordel
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og har evne til nytenking
  • trivst med utfordringar og er løysingsorientert
  • har god norskkunnskap og datakunnskap

Politiattest

Dei som vert tilsett må legge fram politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader. Den skal ikkje leggast med som vedlegg til søknaden, men skal sendast inn dersom det vert gjeve tilbod om stilling.

Me tilbyr

  • fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • høgt fagleg nivå og god fagdekking
  • høve til fagleg og personleg utvikling
  • positive og trivlege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • tilrettelagde og nye lokaler
  • todelt turnus (vi har eigen nattevaktturnus)
  • full barnehagedekning i kommunen
  • hjelp til å skaffe bustad
  • rekruttere og behaldetillegg, fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
  • rabattert pris på treningssenter
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar til lov og avtaleverk, samt rekrutteringstillegg og pensjonsordning i KLP

Utdanning, opplæring og kurs

Ål kommune legg til rette for relevant vidareutdanning, og det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobilt ferdigheitstrening og regionale fagkurs.

Bu og jobbe i Ål

Ål kommune ligg midt mellom Oslo og Bergen med fleire togavgangar dagleg, begge vegar. Her bur du i eit flott fjell- og turområde, der du kan nytte dagane før eller etter jobb på ski, fjelltur eller sykkel, eller på noko av det store kulturtilbodet i kommunen. Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; enten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Meir informasjon finn du her.

Send søknad

Du må sende elektronisk søknad. 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden. Til intervjuet må du ta med attesterte kopiar av vitnemål og ev. tenesteattestar dersom desse ikkje er lagt inn elektronisk i søknaden.

Søkjarar som ynskjer å vere unnateke offentlegheit må grunngje dette særskilt. I samsvar med Offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, men dette vil du i så fall få varsel om.

Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

 

  • Bedrift
    Ål Kommune
  • Søknadsfrist
    11.12.2022
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3570, ÅL
    ÅL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4839686
  • Se her for andre jobber fra Ål Kommune
  • Oppdatert 24.11.2022