Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
23.08.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6665714Se här för andra jobb från Askvoll kommune
Askvoll kommune
Sjukepleiar i heimetenesta - 100% fast stilling
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.
Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.
Som sjukepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter tenester i heile Askvoll kommune.
Vi søkjer etter sjukepleiar til:
- 100% fast stilling med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg frå snarast.
Arbeidsoppgåver:
- Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
- Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
- Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
- Medikantmenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
- Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
- Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Den som blir tilsett må ha førarkort
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
Vi tilbyr:
- Mogelegheit for langvakter etter nærare avtale
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Företag
Askvoll kommuneAnsökningstiden
23.08.2026Anställningsform
PermanentBransch
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtbildningskrav
PåkrevetArbetserfsrenhet
ØnskeligAdress
6980, ASKVOLL
ASKVOLL
NorgeAntal befattningar
1Karriere-kod
6665714Se här för andra jobb från Askvoll kommune