Company
Alver kommuneApplication deadline
26.10.2021Form of employment
workTime.NattIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4149929Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 13.10.2021
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Alver kommune
Sjukepleiar/helsefagarbeidar nattevakt - 60% fast
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Kort om stillinga
Det er ledig 60 % fast stilling på natt for helsefagarbeidar / sjukepleiar. Stillinga er knytta opp mot ein brukar som har heildøgnsteneste frå heimetenesta, og som har eit fast team rundt seg. Stillinga inneber jobb i snitt kvar 3. helg.
Om Heimetenesta
Avdeling Knarvik nordaust har base i Knarvik og der arbeider sjukepleiarar, hjelpepleiarar/helsefagarbeidarar, omsorgsarbeidarar og assistentar. Me er ei avdeling som er i stadig vekst, me har eit stort geografisk område med eit aukande antall brukarar i alle aldrar som treng hjelp.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Kompetansekrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller sjukepleiar
- Sertifikat klasse B
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Ønskt kompetanse
- Du er inspirerande og engasjert
- Du kan prioritera i ein travel kvardag
- Du har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Du kan skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag
- Du er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel
- Du er lojal, og trygg i yrkesutøvinga
- Du må ha evne til å arbeide sjølvstendig, samt i team
- Du må ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner
- Erfaring frå team og personlege eigenskapar vil verte vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Humor og humør
- Fagleg utvikling
- Dyktige kollegaer og høg kompetanse
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- God pensjonsordning
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Politiattest
I tråd med helse -og omsorgstenestelova §5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker du
Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Company
Alver kommuneApplication deadline
26.10.2021Form of employment
workTime.NattIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
5914, ISDALSTØ
ALVER
NorwayNumber of positions
1Career-kode
4149929Look here for other jobs from Alver kommune
- Updated 13.10.2021