Vacancy

Sunnfjord kommune

Sjukepleiar/helsefagarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Skei omsorgssenter er ein moderne og fagleg sterk institusjon med tre avdelingar.

  • Rehabiliteringsavdeling med 7 rehabiliteringsplassar og 1 palliativ plass
  • Langtidsavdeling med 17 langtidsplassar og 1 avlastningsplass
  • Skjerma eining med 7 plassar for personar med demens

Vi er ein aktiv del av ressurs-sjukepleiarnettverket for kreftomsorg og lindrande behandling, vi driv Sunnfjord kommune si rehabiliteringsavdeling, og vi har integrerte velferdsteknologiske løysingar som støttar kvardagsmeistring og trygge pasientforløp. Hos oss jobbar vi målretta for å vere ei levande og framtidsretta teneste, der fagutvikling står sentralt.

No søker vi deg som vil vere med å løfte oss vidare. Er det deg?

Vi har årsturnus, og for dei som ynskjer det er det mogleg med langvakter og arbeid kvar 4. helg.

Ledige stillingar:
  • 1 x 100 % fast stilling som sjukepleiar
  • 1 x 100 % fast stilling som helsefagarbeidar

I tillegg har vi ledige helgestillingar på 14–30 % for helsefagarbeidarar, assistentar og studentar. Her kan du velje mellom 7,5-timers eller 12,5-timers vakter.

Krav til søkar:
  • norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
  • gyldig politiattest
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
 Vi søker deg som:
  • er fleksibel, positiv og likar utfordringar
  • er engasjert, trygg og sjølvstendig i vurderingar
  • fungerer godt i team og har evne til å delegere
  • trivst med å jobbe med menneske og er oppteken av omsorg
  • er strukturert, ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • har motivasjon til å lære, utvikle deg og bidra til fag- og tenesteutvikling

Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde.

 Vi kan tilby:
  • engasjerte kollegaer og leiarar i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • eit sterkt fagmiljø tett på pasientane
  • varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass du kan vere stolt av
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • ekstra godtgjering for sjukepleiar, vernepleiar og helsefagarbeidar i institusjon
  • moglegheit for alternativ turnus med langvakter

Du søker elektronisk.

 

Velkommen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!