• Company
    Vaksdal kommune
  • Application deadline
    21.05.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4418067
  • Look here for other jobs from Vaksdal kommune
  • Updated 15.04.2023
Vacancy

Expired ad

The application deadline for this job opportunity has passed.

Vaksdal kommune

Sjukepleiar ved Daletunet, 100% fast stilling

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Ved Daletunet er det ledig fast 100% stilling for sjukepleiar!
Stillinga har turnus med arbeid kvar tredje helg, kor ein i helga arbeider fredag og laurdag på natt.

Du blir ein del av eit kjekt team, med fokus på tverrfagleg samarbeid og heilskapeleg oppfølging av pasientane. Me har eit godt arbeidsmiljø, varierte oppgåver og gjev deg gode moglegheiter for fagleg utvikling.

Stillinga har kombinert fast turnus og timebank, der største delen ligg fast i turnus. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til timebanksordninga vår

Om arbeidsstad

Helsehuset på Dale. Daletunet institusjon har ei avdeling som består av langtidspasientar, pasientar på korttid og personar på avlastning

Krav til kompetanse

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Søkjarar med vernepleiarutdanning kan bli vurdert
  • Godkjend politiattest må leggast fram ved tilsetjing
  • Ynskjeleg med erfaring og kompetanse innan rehabilitering/korttidsavdeling

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som er trygg i sjukepleiarfaget, er god på samarbeid og som bidreg positivt til arbeidsmiljøet.

  • Du likar å arbeide i team og ha pasientane i fokus
  • Du ser løysingar og er positiv, er tolmodig og brenn for god pleie og omsorg

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Me gjev uttelling for relevant etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du
Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte. Har du ikkje søkt via EasyCruit i Vaksdal, må du opprette brukarnamn og passord.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04

 

 

  • Company
    Vaksdal kommune
  • Application deadline
    21.05.2023
  • Form of employment
    Permanent
  • Industry
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Educational qualification
    Påkrevet
  • Work experience
    Ønskelig
  • Address
    5722, DALEKVAM
    VAKSDAL
    Norway
  • Number of positions
    1
  • Career-kode
    4418067
  • Look here for other jobs from Vaksdal kommune
  • Updated 15.04.2023